HR Sparebanken Sogn og Fjordane

Nyheiter

10 gode grunnar til å jobbe i Sparebanken Sogn og Fjordane

Om du kan vise oppriktig interesse for Sparebanken Sogn og Fjordane på jobbintervju, vil dei gjerne ha deg med på laget.

I spalta «10 gode grunnar» tek vi ein sommarprat med kule bedrifter i Vestland. Først ut er Sunnfjord.

Kva er det mest spennande som skjer i Sparebanken Sogn og Fjordane akkurat no?

Det siste året har to arbeidsgrupper, Innovasjonslab og Kulturlab, hatt fokus på at vi skal ta med oss positiv læring frå den spesielle tida vi er inne i, samt å ha ein inkluderande og god arbeidsplass til tross for færre fysiske møtepunkt og meir digital jobbing. No tar vi dette vidare, og jobbar med å definere korleis «Den nye normalen» skal vere hos oss etter pandemien.

Kva er det mest attraktive med å jobbe i Sparebanken Sogn og Fjordane?

Spennande og varierte arbeidsoppgåver, eit godt arbeidsmiljø, samt gode utviklingsmoglegheiter.

Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?

For dei som vil utvikle seg er her mange moglegheiter. Du kan delta i tverrfaglege prosjekt, få kompetanseheving på ulike fagfelt og vere med og påverke. Du kan utvikle deg innan fag eller leiing, og både i rolla di og i andre roller.

Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:

  • Gode kollegaer.
  • Spennande arbeidsoppgåver.
  • Maten til Lise Mette i kantina på Førdekontoret – ho diskar alltid opp med noko godt!

Kva er Sparebanken Sogn og Fjordane sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

Vi fører klimarekneskap og jobbar kontinuerleg med å redusere utsleppa våre. Vi har redusert reiser, jobbar med å minske energiforbruk og ha betre avfallshandtering, vi tilbyr grøne produkt til både privat- og bedriftskundar, vi utstedar grøne obligasjonar, vi har med oss miljøperspektivet i gåveutdelingane våre og vi støttar opp under FN sine berekraftsmål. Lista er lang, og lengre enn dette 😊Vi har også ei viktig rolle der vi kan jobbe med at våre samarbeidspartnarar også skal redusere sine utslepp.

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?

Sparebanken Sogn og Fjordane har med si lange historie hatt ei sentral rolle i utviklinga av lokalsamfunna i regionen. «Ei drivkraft for Sogn og Fjordane» har vore visjonen sidan banken vart skipa i 1988. Vi ønskjer å vere ei verksemd som bidreg til omstilling til eit meir klimavenleg og berekraftig samfunn. Dei siste fem åra har vi og gitt over 190 millionar tilbake til lokalsamfunnet i form av gåver frå overskotet vårt og sponsoravtalar.

Kor tid kokar det hos Sparebanken Sogn og Fjordane?

Vår og sommar er høgsesong for bustadkjøp og -sal, så mange i banken har ekstra travle tider no. Det er også mykje å gjere i støtte- og utviklingsmiljø, og alt heng saman med alt.

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos Sparebanken Sogn og Fjordane?

Det er sjølvsagt avhengig av kva type stilling, og vi les alle søknader godt. Men nokre utmerkar seg ved at vi kan «føle» kandidaten sin motivasjon og oppriktige interesse for banken når vi les søknaden. Vi har også nyleg starta med videosøknad, og då får vi eit anna inntrykk av kandidatane enn tidlegare – det blir kjempespennande framover!

Kven set spor på intervju?

Dei som klarer å vise seg fram, er ærlege og skapar tillit. Vi skal danne oss eit inntrykk i løpet av relativt kort tid, så dei som vi får ein god tone med, er godt førebudd og har god kommunikasjon set spor.

Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i Sparebanken Sogn og Fjordane utan å seie det:

Jobb Sparebanken Sogn og Fjordane

Dei tilsette i Sparebanken Sogn og Fjordane er samla i 2018 for fagleg påfyll og moro på vakre Kviknes hotel i Balestrand.

Jobb i Sparebanken Sogn og Fjordane