Framtidsfylket trainee 2021

Nyheiter

Nesten 900 søkte – Desse fekk jobb!

Mange ville vere trainee i Framtidsfylket, men berre nokre få kom gjennom nålauget. No er 31 traineear på plass i Vestland.

Nær 900 søknadar kom inn då vi lyste ut årets traineestillingar. I august var 31 traineear på plass i ulike bedrifter i Vestland, og i september møttest dei til avspark på Kviknes hotell i Balestrand. I løpet av to dagar skulle dei bli betre kjende med kvarandre og seg sjølve.

Her er årets traineear – DEL 1

Her er årets traineear – DEL 2

Her er årets traineear – DEL 3

Hoppa i det

Det tok ikkje lang tid før nye vennskap og kjennskap oppstod i traineekullet. Første dagen var sett av til presentasjonar og å bli kjende. Vidare stod lagbygging på programmet, og det var berre til å "bjuda på". Praktiske oppgåver skulle løysast, og både høgre og venstre hjernehalvdel måtte på. Samarbeid var ein nøkkelfaktor og latteren sat laust.

Framtidsfylket

Om å vere ein god kollega

Bevisst eller ubevisst: Når ein deltar i lagbyggande oppgåver, tek vi på oss ulike roller. Denne rolla kan seie mykje om kven du er i arbeidslivet og blant kollegaer, og akkurat det var tema på den påfølgjande samlinga på dag to: Kva rolle tek eg på jobb?

Trainee Framtidsfylket

Solid grunnlag

Etter to dagar med strålande sol i Balestrand, har årets traineekull lagt grunnlaget for eit sosialt og lærerikt år. Vi gler oss til fortsettinga og tek deg gjerne med på reisa.

Akkurat no er vi på jakt etter nye traineebedrifter til neste års kull. Send mail til linda@framtidsfylket.no for meir info.

Lyst til å vere trainee? Januar 2022 lyser vi ut neste års traineestillingar:

Meld deg på nyheitsbrevet vårt