Rekordstort kull med flest tilsette i Sogn og Sunnfjord. Dette er årets splitter nye traineekull i Framtidsfylket.
Trettifem ukjende personar skal i løpet av éi veke møtast og bli kjende. Dei skal dele husvære, lage og ete mat saman, delta på aktivitetar og utfordre kvarandre fysisk og mentalt. Det einaste dei har til felles er at dei er nyutdanna og deltar i Framtidsfylket sitt traineeprogram. September betyr nytt traineekull, og årets første samling er i gang. Rundt 650 personar søkte, og 35 av dei fekk tilbod om jobb i fylket:
HER ER ÅRETS TRAINEEAR I SUNNFJORD
HER ER ÅRETS TRAINEEAR I NORDFJORD OG ULLENSVANG
Tuftegarden i Viksdalen er staden, og Vestlandet byr på både sol og styrtregn denne veka. Heldigvis skal delar av programmet skje inne i den gamle løa i tunet, som er gjort om til eit koseleg og rustikt forsamlingslokale.
– Kor lang tid brukar de på å danne eit førsteinntrykk?
Per Øyvind Sørbø ser utover løa. Traineeane har nettopp fått den krevjande oppgåva å skildre Trude og Per Øyvind på små lappar – to heilt ukjende personar som nettopp kom inn i løa for å lære dei om relasjonsbygging.
– Hæh? Trur de verkeleg at eg er 45 år? Trude Ramstad held opp ein av lappane og latar som om ho er fornærma.
Forsiktig latter i salen. Nokre verkar nervøse, andre ivrige etter å bli kjend med sidemannen.
Poenget med denne øvinga er å vise traineeane at førsteinntrykket ofte ikkje stemmer. At vi brukar for kort tid på å gjere oss opp ei meining om nye menneske.
– De må ha eit ope blikk, snu hjernen og lære å kjenne! Dette må de ta med dykk når de no skal møte nye kollegaer og andre traineear. Sjå ein ekstra gong på dei og finn ut av interesser, meiningar og eigenskapar. Førsteinntrykket er ofte feil, kjem det frå dei som dei neste timane skal lære traineeane om relasjonar, sjølvfølelse og andre tema som er nyttige når du er ny i arbeidslivet.
For alle her er nye i arbeidslivet og ønsker å starte det med eit traineeår. I tillegg til at dei har fått jobb i ei bedrift i Distrikts-Vestland, vil året by på nye venner, fagleg og personleg utvikling og innsyn i næringslivet i fylket. Til saman fem samlingar ventar, og målet for året er at alle skal trivast både i arbeidet og i traineekullet. Det har vist seg å vere oppskrifta for at dei unge, nyutdanna blir eit år eller ti til.