SIMAS var så fornøgde med sitt første år som traineebedrift at dei følger opp suksessen med eit nytt år.
– Som traineebedrift når vi ut til veldig kompetente og ivrige kandidatar som vi kanskje ikkje hadde nådd på andre måtar, seier Anne Sigrid Loftesnes Harjo.
Ho er HMS- og HR-leiar i SIMAS IKS, renovasjonsselskapet i Sogn, og er svært fornøgd med resultatet etter å ha lyst ut traineestilling gjennom Framtidsfylket dei siste to åra.
– Traineeane kjem inn med engasjement, driv og nye perspektiv. Målet vårt er at dei skal bli kjent med heile organisasjonen, få spennande oppgåver og prøve seg på forskjellige ting slik at dei utviklar seg og forhåpentlegvis ønsker å bli verande. Vi har også aktivt søkt etter traineear med kompetanse vi ikkje har frå før, slik at dei bidreg til å løfte oss og tilfører ny kunnskap i bedrifta vår, fortel ho.
– Også er jo engasjement og iver smittsamt. Traineeane bidreg veldig på arbeidsmiljøet.
Er du vår neste traineebedrift? No tek vi inn traineebedrifter for 2024/25. Les meir her.
SIMAS søkte i år etter ein trainee med kompetanse på juss eller økonomi, og freista med moglegheita til å få stor påverknad på korleis selskapet jobbar med berekraft og sirkulærøkonomi.
– Når vi brukar Framtidsfylket ser vi at vi treff dei rette kandidatane. Det er også kjekt å sjå at vi fangar interessa til dei som aldri har vore her før, men som blir interesserte i bedrifta og regionen vår.
I år som i fjor hadde SIMAS fleire gode kandidatar og fekk det Harjo beskriver som eit lite luksusproblem. Til slutt falt valet på Maria Rüppel Alvestad frå Skien. Ho har ein bachelor i internasjonal juss frå Kingston University og ein master i informasjons- og kommunikasjonsteknologi-juss frå Universitetet i Oslo.
– Maria skilte seg ut både med si grunnutdanning og fordi ho hadde kompetanse på spesifikke tema som vi ønsker å satse meir på innanfor jussen, nemleg personvern og kunstig intelligens. Her ser vi eit stort potensiale for å utvikle oss, og med Maria får vi inn den kompetansen i bedrifta. Ho hadde rett og slett det vesle ekstra, seier Harjo.
– Eg gler meg til å endeleg få bruke det eg har studert og lært i praksis, seier Maria om forventningane til året som trainee i SIMAS.
Ho trur den største skilnaden på ei traineestilling hos SIMAS og ei juss-stilling i ein større by er konkurranse.
– Det er veldig mange som kjempar om dei same jobbane, og ein gløymer kanskje litt at ein kan få så og seie same stilling på ein mindre stad. I tillegg trur eg at eg får litt meir friheit og ansvar hos SIMAS enn det eg ville fått som nyutdanna jurist i ein storby. Eg får fleire arbeidsoppgåver og lærer om alle delane av bedrifta, noko eg trur er ein stor fordel.
– Eg gler meg til å endeleg bruke det eg har lært og studert i praksis.
Ho oppdaga Framtidsfylket sitt traineeprogram og stillinga i SIMAS via ei Facebook-gruppe for dei som studerer juss ved Universitetet i Oslo. Då ho las om stillingane skilte jobben i SIMAS seg raskt ut.
– Då eg tok bachelor spesialiserte eg meg i miljørett, så eit traineeår hos SIMAS passa meg heilt perfekt. I tillegg sto det noko om personvern i utlysinga, noko eg skreiv master om. Eg gler meg til å få jobbe med dette, lære om det å vere i jobb, og den personlege og faglege utviklinga som følger med å vere trainee.
Som tilflyttar som aldri har vore i Sogn før, er det mykje nytt å gjere seg kjent med også utanfor jobben.
– Eg gler meg til å bli kjent med ein ny stad, finne nye og spennande hobbyar eg kan drive med, bli kjent med folk og til å få eit innblikk i korleis livet er på bygda, seier ho.
Jørn Mortensen var SIMAS sin aller fyrste trainee i fjor og jobba med informasjon, kunnskapsdeling og ombruk. Han er frå Bærum og budde tre år i Sogndal som student før han starta som trainee i SIMAS. Etter traineeperioden fekk han tilbod om å fortsette og har no starta i ny stilling som rådgjevar for kommunikasjon og berekraft.
– Det har vore eit veldig spennande år. Gjennom deltaking i og styring av ulike prosjekt har eg opplevd god personleg og fagleg utvikling, fortel Jørn om året som trainee.
På spørsmål om kva som var avgjerande for at han valde å takke ja til fast jobb, sparar han ikkje på lovorda:
– Hyggelege og framoverlente kollegaer, ein jobb som utfordrar, gledar og kjem med moglegheiter for å drive med noko eg synest er kjekt. Ein spennande bransje i utvikling som er viktig i det grøne skiftet. Og så klart ski- og klatremoglegheitene Sogndal stiller med.
I år er Jørn mentor for Maria og skal gjere sitt beste for at ho får ein god start på arbeidslivet.
– Å få mentorrolla tar eg som ei tillitserklæring, og ansvaret det kjem med ser eg fram til å gjere godt. Eg hadde sjølv ein god og imøtekomande mentor, og dette er noko eg ønsker å vidareføre. I tillegg er det rett og slett hyggeleg å få lov til å vere med å gje nokon ein god start på arbeidslivet, seier han.
På spørsmål om kva det krev av bedrifta å ha ein trainee, trekk Harjo fram nettopp mentorrolla og viktigheita av å tilrettelegge i organisasjonen.
– Det er viktig at vi som bedrift er ekstra medvitne på å gjere dei godt kjent med organisasjonen og plassen vi bur på. I tillegg er vi opptekne av at dei følger programmet til Framtidsfylket med dei sosiale samlingane og nettverket rundt.
Vidare er SIMAS opptekne av å gje traineeane spennande oppgåver og ansvar, og at dei får prøve seg på ulike ting, vise seg fram, utvikle seg og sjå at jobben dei gjer gir resultat.
– Men det vi legg inn i innsats får vi dobbelt tilbake. Det er ein vinn-vinn situasjon. Vår målsetting er at det skal vere spennande og givande å vere trainee hos oss, og at vi kan tilby dei ei stilling når dei er ferdige med traineeåret. Då har vi lukkast, avsluttar ho.