Grandavegen 26
HR
216 27 300
Convene Group er ein leiande partnar innan betalings- og administrasjonsløysingar i Skandinavia. I meir enn 10 år har vi stått i spissen for digital innovasjon innan helse og trening, og vi er med på å definere morgondagens teknologi for betaling og sjølvbetening innan ei rekke ulike bransjar i 14 land verden over.
Som ein del av Convene Group blir du med i eit engasjert team av medarbeidarar som brenner for å utgjere ein forskjell. Totalt tel vi meir enn 200 menneske fordelt på fire dotterselskap, med kontor på Sandane og i Førde, Oslo, Aarhus og Halmstad.
Folka våre: Vi er ein samansveisa gjeng som trivast godt saman. Det er viktig å ha det kjekt på jobb - samhald skaper trivsel.
Kommunikasjon: Vi trur på openheit og transparens. Hos oss er det stor takhøgde, korte avgjerdsvegar og opne dører.
Lokasjon: Vi har nye og moderne lokale i innovasjonsmiljøet PEAK Sunnfjord i Førde – ein førsteklasses arena for samspel og aktivitet. På Sandane held vi til i moderne og trivelege lokale midt i sentrum.
Fagleg utvikling: Vi synes det er kjekt å lære og har sansen for folk som vil utvikle seg saman med oss. Og om du har lært noko nytt og matnyttig, deler du det gjerne med resten av gjengen.
Arbeidstid: Vi trur at samspelet og trivselen på kontoret er viktig for vår felles utvikling. Derfor ønsker vi at du skal ha mesteparten av arbeidstida på kontoret. Samtidig har vi alle eit liv utanom jobb, og vi er fleksible ved behov.
Mangfald: Hos oss er det plass til alle – uavhengig av kva personleg pronomen du brukar, kor du kjem frå, kva du trur på eller kven du elskar. Vi veit at det er mangfaldet som utviklar oss.
Karrieremoglegheiter: Konsernet består av fleire selskap og mange spennande moglegheiter. Våre folk jobbar innan teknologi, sal, sakshandsaming, kunderelasjon-/service, økonomi, marknad, compliance, HR – og mykje meir. Vi er gode på opplæring og rekrutterer gjerne internt.