Vi blei nyleg kåra til årets lokale nyheitsnettstad.
Firda skal vere best på nyheiter i vårt område. Vi er stadig på jakt etter engasjerte og nysgjerrige personar med stå-på-vilje. Dei som er glade i å snakke med folk, har teft for nyheiter og ser dei gode vinklingane.
Firda Media AS er eit selskap i mediekonsernet Amedia. Selskapet har rundt 36 årsverk og held til i Førde. Firda er den største lokalavisa i Sogn og Fjordane med 48.000 daglege lesarar på papir, nett og mobil. Firda vert redigert på nynorsk.
I Firda får du ein utfordrande kvardag, der du får jobbe med alle slags stoffområde. Vi lovar kjekke kollegaer som jobbar godt i lag for å gjere Firda til verdas viktigaste lokalavis i områda vi dekker.
Det er eit ungt miljø, som er sosiale også på fritida. Vi går fjellturar, stiller lag på quiz og går på konsertar saman.