HAFS Elektro og Rør er ei lokal og allsidig bedrift med omlag 45 tilsette, som stolt utdannar nye fagfolk gjennom sitt arbeid som lærebedrift. Med avdelingar i Gulen, Hyllestad og Solund tilbyr HAFS Elektro og Rør eit breitt spekter av tenester, inkludert elektroinstallasjon, røyrlegging, maritime installasjonar, automasjon og smarthusløysingar. Bedrifta er ISO-sertifisert innan både kvalitetsstyring (9001) og miljøstyring (14001), som understrekar deira høge standardar for kvalitet og berekraft.
Ein meiningsfull jobb er noko dei fleste av oss søker etter. Tage og Hans Petter er ikkje i tvil om at jobben dei gjer betyr noko.
Hos HAFS Elektro og Rør får dei tilsette ein ganske unik sjanse: å utdanne seg vidare medan dei jobbar – med full løn og dekka utgifter. Ein av dei som har tatt imot tilbodet er Øystein Salbu, som no tar fagskuleutdanning i elkraft på deltid.
Steffen får ei ekstra god kjensle når prosjekta nærmar seg slutten og resultatet både ser bra ut, og alt fungerer som det skal.
– Her i HAFS Elektro og Rør får ein prøvd seg på litt av kvart, og det gjer arbeidsdagen spennande, seier Per Egil.