Luster Sparebank er ein solid og sjølvstendig sparebank med målsetjing om ekspansjon og vekst.
Banken har 28 tilsette og har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo i Luster kommune. Banken skal vere ein god og løysingsorientert medspelar som bidreg til at både eksisterande og nye kundar kjenner økonomisk tryggleik og kan realisere sine draumar i tråd med visjonen - "Saman når me måla dine!".