Marø Havbruk er eit familiedrive selskap, med seks tilsette. Vi har dagleg nærleik til fisk og produksjon, og vi er sikker på at akkurat det har mykje å seie for sluttproduktet på din tallerken.
Elin og Trond fekk konsesjon i 1986 og etablerte Marø Havbruk. I dag har Marø havbruk to konsesjonar på oppdrett av laks og har fisken symjande rundt på 4 lokalitetar. Det tilsvarar omlag 2500 tonn laks, noko som gjev 20,5 millionar middagsporsjonar årleg. Det er vi stolte av.
Det er mykje som har enda seg sidan oppstart i 1986, både lokalitetar, drifta og folka. Men vi har alltid brydd oss om fisken vi produserer. Sjølv om vi er eigara av bedrifta så er vi på merdkanten og arbeider med fisken til dagen, saman med våre dyktige tilsette. Kvar dag er vårt fokus å syte for dei beste vilkåra for laksen vår og finne gode løysingar. Fiskeoppdrett er med på å produsere animalsk protein med lågt klimaavtrykk, dette er mat til ei veksande verdsbefolking. Difor meiner vi at fiskeoppdrett kan være ei løysing på nokre av klimautfordringane ein står ovanfor i verda i dag. Les litt om korleis vi arbeider under «vårt ansvar» her.