Engebø Rutile and Garnet AS, eit dotterselskap av Nordic Mining, er i vekst og startar mineralproduksjon av titanråstoffet rutil i Q4 2024.
Prosessen består i å utvinne eklogitt malm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil og granat. Hovuddelane av prosjektet består av dagbrots-gruve, prosessanlegg og utskipings-anlegg.
Vi er ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord. Når det kjem til berekraft er vi allereie veldig gode, men vi gir oss ikkje før vi er aller best i klassen. Vi skal og vere heilt på toppen innan moderne systemløysingar for å skape ein oversiktleg og effektiv kvardag.
Vi er oppteken av å bygge eit trygt og solid arbeidsmiljø beståande av mangfald og god kultur. Vi skal ha eit godt arbeidsmiljø, og fokus på balansen mellom jobb og fritid. Vi tilbyr ein unik moglegheit med rom for personleg og fagleg kompetanseutvikling.
Du vil ta del i eit rykande ferskt team, beståande av 80 tilsette frå fire forskjellige kontinent med eit bredt spekter av bakgrunnar og erfaring. Det er ei jamn fordeling mellom kvinner og menn i organisasjonen, noko vi tør påstå er unikt i vår bransje. Ettersom dette er den første gruva i Norge på over 40 år, står vi alle på same "fjell", der dei færraste har direkte erfaring frå oppstart av gruvedrift. Fellesnemnaren er at vi alle er motiverte til å skape unike verdiar!
Type Stilling | Stad | Tilsettingsform | Publiseringsdato |
---|---|---|---|
Hms-ansvarleg | Fulltid | 03-12-2024 |