Storehagen 10
http://www.nynorskmediesenter.no
Rune Fossum Lillesvangstu
rune.fossum.lillesvangstu@nrk.no
+4791874111
NRK Nynorsk mediesenter er eit opplæringssenter for meir nynorsk i media. Senteret har vore i drift sidan 2004 og held til i lokala til NRK Vestland i Førde.
Vi tek inn fem nynorskpraktikantar i halvåret, med start i januar og august. Søknadsfristane er 15. april og 15. oktober.
Nynorskpraktikantane får ei svært praktisk opplæring, med mykje praksis og lite teori. Dei er fire månader i Førde og to månader i ekstern praksis i ulike redaksjonar, i og utanfor NRK.
Praktikantane får løn under opplæringa, men har korkje bindingstid eller garanti om arbeid i NRK etterpå. I snitt arbeider 60 prosent av dei som har gått her i media.
Vi leitar etter nynorskbrukarar som ønskjer å bli journalistar på radio, TV og nett. Du må vere samfunnsorientert og språkleg medviten.
Tilsette:
Rune Fossum Lillesvangstu – leiar
Eva Marie Felde - faglærar
Type Stilling | Stad | Tilsettingsform | Publiseringsdato |
---|---|---|---|
Nynorskpraktikant i NRK | Fulltid | 12-03-2025 |