Kan ein liten kommune i distriktsnorge med 2800 innbyggarar bli ei drivkraft i norsk kunstproduksjon?
Dette lurte vi på når vi starta det kommunale prosjektet PreForm i 2011 med Bulystmidlar frå Kommunal og - Regionaldepartementet. I 2014 vart prosjektet avslutta og PreForm vart etablert som eit ideelt AS. Vi er eigd av dei andre kulturinstitusjonane i Fjaler, kommunen og enkeltkunstnarar.
Fjaler utviklar seg i rekordfart med aktørar som Teaterfestivalen i Fjaler, Jakob Sande Senter for forteljekunst og Nordisk Kunstnarsenter
PreForm AS sitt formål er å legge til rette for profesjonell kunstproduksjon.
Ting tar tid - men i 2019 starta vi opp i lokala som i dag er blitt Fjaler sitt kulturhus - Samvirket - med nyopning september 2023.
I dag kan vi tilby produksjonslokale for scenekunst, musikk og lydproduksjonar - med scene og to lydstudio.