Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS Hovedbilde
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS

Hauglandsvegen 308

http://www.rkhr.no

post@rkhr.no

Kontakt

Thor Grane

ledigstilling@rkhr.no

577 37 100

Om oss

Bli del av vårt tverrfaglege arbeidsmiljø


Som tilsett hjå oss vert du del av eit breitt tverrfagleg fagmiljø. Her jobber ei rekke ulike fagpersonar, med høg kompetanse og stort engasjement.


Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering, som gjev tilbod til pasientar med behov for intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta.


Vi er ein ideell organisasjon som jobbar etter verdiane respekt og likeverd. I møte med pasientane har vi fokus på ressursar.


Jobb i vakker natur


Vi held til i Flekke i Fjaler kommune, om lag 15 mil nord for Bergen.


Senteret ligg flott til ved fjorden, og vi nyttar aktivt naturen i rehabiliteringa. Som tilsett har du tilgang til fasilitetar både inne og ute, som treningsrom, kajakk og kano og Badeland.


Her er kort veg til butikk, barnehage, skule, samt vidaregåande skule.

Det beste med å jobbe med oss

Det beste med å jobbe på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er utan tvil folka. Sjekk ut denne gode gjengen.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS Kulturbilde

Ledige stillingar