Langebruvegen 12
Lillian Loen
90570484
Sparebanken Sogn og Fjordane er meir enn bank. Vi trur på verdien av å skape dei gode kunderelasjonane og på det å vere nær. Som største sparebank i Sogn og Fjordane kan vi tilby deg jobb innan mange spennande fagområde – kreditt og finansiering, sparing og plassering, elektronisk betalingsformidling, valuta og valutahandel, finans, økonomi- og risikostrying, IT, juss, marknadsføring og HR.
Sparebanken Sogn og Fjordane har ein visjon om å vere ei drivkraft for fylket. Vi veks nasjonalt og forvaltar verdiane i Sogn og Fjordane. For oss er det viktig at overskotet til banken kjem lokalsamfunnet til gode i form av gåve - og sponsormidlar.
Kven er vi?
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet, og har nær 50 % av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 74 millardar kroner, og nær 290 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.
Korleis er det å jobbe i Sparebanken Sogn og Fjordane?
Arbeidsmiljø - Sparebanken Sogn og Fjordane er ein innovativ og framtidsretta bedrift. Heile 20% av banken sin tilsette jobbar innan utvikling og teknologi. Som tilsett i banken vil du vere ein del av eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø med stor takhøgde. Vi kan tilby mykje gøy på jobben, spennande prosjekt, vidareutdanning og gode personal- og pensjonsordningar. I tillegg har vi hytteordning for tilsette både på fjellet, i byen og i utlandet.
Likestilling - Sparebanken Sogn og Fjordane har som mål å vere ein av dei mest attraktive arbeidsplassane i fylket. I dag er vi i landstoppen på kjønnsbalanse, derav del kvinner i leiarstillingar er 42%. Vi har fokus på å ivareta og utvikle mangfald i banken, både i kvardagen og i rekruttering.
Kunnskapsdeling - utfordrande og spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling. Vi kan tilby støtte til utdanning og kurs. Sparebanken Sogn og Fjordane skal vere prega av ein kultur basert på læring, utvikling, samarbeid og open kommunikasjon.
Type Stilling | Stad | Tilsettingsform | Publiseringsdato |
---|---|---|---|
Open søknad | Fulltid | 11-07-2023 |