Highsoft AS Hovedbilde

Er du vår neste Customer Success Associate?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Customer Success Associate Highsoft AS Vik Fulltid
Highsoft AS Logo

Highsoft AS

Sentrumsgata 44, 6893 Vik i Sogn, Norge
6893 Vik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Julia Gómez Vangsnes
48184030

Søknadsfrist

8. mai 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vår visjon er å vera førstevalet for digital datavisualisering på web, og det vert travelt når kundar frå heile verda bankar på døra. Me ser no etter deg som brenn for å gi god kundeservice og finna gode løysningar for kundane våre. Du er ein lagspelar med kunden i fokus og trivst i eit internasjonalt og innovativt miljø.

Arbeidsoppgåver

  • Skapa langsiktige kunderelasjonar og bidra til at me når våre salsmål gjennom å skape eit solid førsteinntrykk av Highsoft til eit bredt spekter av våre internasjonale bedriftskundar
  • Tilby profesjonell og tilpassa salgssupport på e-post og i video- eller telefonmøter
  • Rettleia kunden til rett lisens ut i frå kundens behov og bruk
  • Assistere dei andre på salgsteamet med ulike oppgåver

Om deg

  • Dyktig i business-engelsk, i både tekst og tale
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kan planlegge, organisere og prioritere eigne oppgåver og tid i ein travel kvardag
  • Erfaring med B2B sal eller kundeservice er ynskjeleg
  • Relevant utdanning fra universitet eller høgskule

Vi tilbyr

  • 100 % eittårsengasjement, med moglegheit for forlenging
  • Ei spennande stilling i eit inbound salsteam i utvikling
  • Konkurransedyktig løn
  • Arbeidstid med fleksitidsordning
  • Humørfylte kollegaer som har lidenskap for det dei driv med
  • Arbeidsstad er Vik i Sogn

Highsoft AS Kulturbilde