Trainee: Forretningsutviklar Bilde

Diggar du innovasjon og entreprenørskap?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Forretningsutviklar Kunnskapsparken Vestland Sunnfjord Trainee
Kunnskapsparken Vestland Logo

Kunnskapsparken Vestland

Fosshaugane Campus-Trolladalen 30
6856 Sogndal
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Sigrid Førde
400 21 567

Søknadsfrist

1. april 2022

Du søker traineestilling hos Kunnskapsparken Vestland, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Vil du bli med på laget – eit lag som arbeidar med spennande idear med mål om å legge til rette for framtidsretta, vekstkraftige og lønsame bedrifter for regionen, Norge og verda ?

Vi tilbyr trainee-stilling som forretningsutviklar, der stillinga er del av Framtidsfylket sitt traineeprogram i 2022/23. Kontorstad er Førde.

Kven er du? - Som person er du initiativrik og sjølvgåande. Du er ein lagspelar med lidenskap for faget, og kanskje har du også ei særleg interesse for innovative prosessar.Tanken på å få være med på å vidareutvikle og skape suksesshistorier «triggar» deg, og du ynskjer å få gjere ein skilnad! Kven du er, og kva du vil med traineeåret er viktig for oss! Vi ynskjer nokon vi kan dele kvardagen vår med, og som gjerne utfordrar oss på den vi er. Du ynskjer å lære frå oss, men du er også open for å lære oss nye måtar å tenke på.

Vi ser det som naudsynt at du har relevant høgare utdanning. Vidare er kompetanse innan forretningsutvikling og/eller prosjektleiing gjerne ein fordel, men viktigare for oss er evna du har til å vise forståing for arbeidet, ynskje om å lære og ikkje minst at du blir gira av utfordringar.

Arbeidsoppgåvene er allsidige med hovudvekt på;

  • Delta i utvikling og kommersialisering av nye idear og forskingsresultat
  • Bidra til å identifisere og evaluere nye forretningsidear
  • Gjere inkubatoren attraktiv for potensielle inkubatorbedrifter, eigarar og sponsorar.
  • Initiere nye utviklings- og samarbeidsprosjekt med andre verksemder og innovasjonsmiljø

Som forretningsutviklar hjå oss vil du få ei allsidig rolle med gode utviklingsmoglegheiter, og du vil i stor grad kunne påverke eigen arbeidsdag i saman med nokre av Vestlandets beste prosjekt- og forretningsutviklarar.

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Ønska kvalifikasjonar er relevant høgare utdanning, gjerne innan forretningsutvikling og/eller prosjektleiing, men viktigare for oss er evna du har til å vise forståing for arbeidet, ynskje om å lære og ikkje minst at du blir gira av utfordringar.

Kunnskapsparken Vestland Kulturbilde