Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Fjord1 AS | Kinn | Trainee |
Du søker direkte til Fjord1 AS på denne traineestillinga.
Søk traineestillingBli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden.
Fjord1 er det leiande ferjeselskapet i Norge, med ferjetransport som kjerneverksemd. Selskapet driv og aktivitet innan passasjerbåttransport, catering og fjordbasert reiseliv. Vårt hovudkontor ligg i Florø, og her har om lag 100 personar sin daglege arbeidsplass. Vi har også regionkontor i Bergen og Molde, og totalt er vi om lag 1200 fantastiske kollegaer fordelt på sjø og land.
Fjord1 har dei siste åra bygd opp mot tretti nye el-ferger. I tillegg har vi bygd om, modernisert og tilpassa eksisterande fartøy til moderne klimakrav med lågutslepp. Fjord1 har gjennom dette arbeidet sikra seg ein leiande posisjon i det grøne skiftet og elektrifiseringa av norske fjordar. I dei fleste anbodskonkurransar som blir lyst ut i dag er miljøkrava forsterka, og det er i stor grad til krav til null- og lågutsleppsteknologi.
Vi søkjer no etter trainee til vår økonomiavdeling ved hovudkontoret i Florø.
Som trainee i Fjord1 vil du få oppleve eit år med spennande oppgåver der du må utfordre deg sjølv, med støtte frå fagleg dyktige kollegaer. Vår økonomiavdeling er satt saman av fagområda rekneskap, finans, økonomi og løn. Vi er ein organisasjon som samhandlar og arbeider på tvers av fagområde med fokus på totaliteten av selskapet. Vi ser etter deg som ser nye løysingar, kan utfordre vår tankegang, er nysgjerrig og lærevillig, med eit sterkt ønske om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar.
Vi ønsker at du:
Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:
Som Framtidsfylket Trainee får du:
Fjord1 som kompetansearbeidsplass veks kvar dag - kanskje er du den neste på laget vårt?