Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee innan internasjonal utvikling | Norec | Sunnfjord | Trainee |
Du søker direkte til Norec på denne traineestillinga.
Søk traineestillingNorsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit statleg forvaltningsorgan under Utanriksdepartementet. Vi forvaltar tilskot til internasjonal utveksling av tilsette mellom land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg. I 2019 var 200 organisasjonar frå 24 land involvert i 90 prosjekt med støtte frå Norec.
No ønskjer vi i programavdelinga ein trainee med på laget. Er du klar for å jobbe med internasjonalt utviklingsarbeid frå Førde? Vi søkjer nysgjerrige og kunnskapslystne nyutdanna som vil vere med å utvikle Norec til eit nasjonalt kompetansesenter for internasjonalt utvekslingssamarbeid.
I Norec vil du få 40 engasjerte kollegaer som har heile verda som sin arbeidsplass. Programavdelinga består av 21 personar og har som hovudoppgåva å forvalte tilskota til dei internasjonale prosjekta som jobbar med utveksling av frivillige og tilsette. Vidare har vi ansvar for å kurse både partnerar og deltakarar.
Tilsetting: August 2021 til august 2022.
I Norec vil du få dyktige kollegaer som er opptatt av å ha eit godt arbeidsmiljø. Du vil bli utfordra fagleg, for vi veit at nettopp din kompetanse vil utvikle Norec vidare. Vi har gode velferdsordningar, vaflar og quiz om fredagane, og om du likar å trene, kan du gjere det i arbeidstida. Vi har fleksibel arbeidstid, så du når ein topptur før du stemplar inn om morgonen.
Stillinga er lønna etter stillingskode 1429 Aspirant.