Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Revisor eller økonom til Stiftelsestilsynet | Lotteri- og stiftelsestilsynet | Sunnfjord | Trainee |
Du søker direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet på denne traineestillinga.
Søk traineestillingVi treng deg som er revisor eller økonom, til å løyse fleire av våre oppgåver i Stiftelsestilsynet.
Stillinga er ein del av traineeprogrammet i staten, og er reservert for søkarar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV, med høgare utdanning. Meir informasjon om traineeprogrammet i staten finn du her.
Stiftelsestilsynet fører tilsyn og kontroll med forvaltning av store verdiar i norske stiftelsar. Jobben vår er å trygge norske stiftelsar og å bidra til at stiftelsar kan vere ein attraktiv måte å utvikle samfunnet på. Tilsynsarbeidet er i spenningsfeltet mellom økonomi og jus, og har mange spennande problemstillingar knytt til korleis styret forvaltar stiftelsen sine verdiar.
Vi ser etter ein nytenkande og analytisk revisor eller økonom med revisjonserfaring, som har lyst til å vere med og vidareutvikle dette arbeidet. Kanskje er det deg?
Til jobben treng vi deg som har høgare utdanning på mastergradnivå innan revisjon eller økonomi. Du har:
For å bli vurdert til stillinga, må du stadfeste at du er i målgruppa, ved å krysse av for nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en i søknaden.
Her finn du definisjon på nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader. Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Vi varslar deg dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.