Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Skips ingeniør - Marin Prosjekt | The Norwegian Ship Design Company | Fulltid |
Stillinga inngår i vårt team som arbeider med engineering i prosjektutvikling og prosjektgjennomføring. Prosjekta omfattar både nybygg og retrofit av ei rekke ulike fartøystypar.
Skipstekniske berekningar, 2D teikning og 3D modellering, konstruksjon, spesifikasjon og dokumentasjon er typiske oppgåver for ein skips ingeniør hjå oss. Samtidig kommuniserar og samhandlar vi mykje med kundar, leverandørar, klasse, myndigheiter og internt.
Vi søkjer dyktige og motiverte ingeniørar med marinteknisk utdanning. Søkjarar må ha kunnskap om og interesse for framtidsretta skipsdesign, og bli motivert av å bidra til realisering av fartøy med fossilfrie energibærarar og ha spesielt fokus på energieffektivitet. Erfaring frå konstruksjon og berekning, samt arbeid på tvers av disiplinar tel positivt.
Vi ynskjer deg som har god teknisk forståing, er løysingsorientert og effektiv, og samtidig flink å samhandle internt og eksternt. Du bør som alle våre tilsette ha vilje til å yte litt ekstra for å lykkast saman og levere dei beste tenestene.
Ein spennande og allsidig arbeidsplass med gode utviklingsmulegheiter, konkurransedyktig løn og svært gode pensjons- og forsikringsordningar. Vårt team består av både unge, framoverlente og kreative medarbeidarar, samt godt vaksne, erfarne fagfolk med stor tyngde og mykje kunnskap - ein perfekt mix for eit trygt og godt arbeidsmiljø.
Hos oss får du vere med på eit framtidsretta eventyr, der du er med å sette standarden for grøn skipsfart framover. Vi er leiande på vårt fagfelt i Noreg og på verdsbasis, og du får vere med å utvikle ny teknologi som set spor i lang tid framover.