Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Skips ingeniør - Struktur styrkeberekning | The Norwegian Ship Design Company | Fulltid |
Stillinga som skipsingeniør innan struktur styrkeberekning inngår i teamet som arbeider med utvikling og gjennomføring av både nybygg og retrofit prosjekt for ei rekke ulike fartøystypar.
Her får du arbeide med skipstekniske berekningar, struktur- og styrkeberekning, 2D tegning og 3D modellering, konstruksjon, analyse, dokumentasjon samt kommunikasjon med kundar, leverandørar, klasse, myndigheiter og ikkje minst internt i prosjekt team.
Vi søkjer dyktige og motiverte ingeniørar med marinteknisk utdanning. Søkjarar må ha kunnskap om og interesse for framtidsretta skipsdesign og bli motivert av å bidra til realisering av fartøy med fossilfrie energibærarar og spesielt fokus på energieffektivitet. Erfaring frå konstruksjon og berekning, samt arbeid på tvers av disiplinar tel positivt.
Vi ynskjer deg som har god teknisk forståing, er løysingsorientert og effektiv, og samtidig flink å samhandle internt og eksternt. Du bør som alle våre tilsette ha vilje til å yte litt ekstra for å lukkast i lag og levere dei beste tenestene.
Ein spennande og allsidig arbeidsplass med gode utviklingsmulegheiter, konkurransedyktig løn og svært gode pensjons- og forsikringsordningar. Vårt team består av både unge, framoverlente og kreative medarbeidarar, samt godt vaksne, erfarne fagfolk med stor tyngde og mykje kunnskap - ein perfekt mix for eit trygt og godt arbeidsmiljø.
Hos oss får du ta del i eit framtidsretta eventyr, der du er med å sette standarden for grøn skipsfart framover. Vi er leiande på vårt fagfelt i Noreg og på verdsbasis, og du får vere med å utvikle ny teknologi som set spor i lang tid framover.