Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Forvalting og prosjektleiing | BKK | Sunnfjord | Trainee |
Du søker traineestilling hos BKK, men søknaden sender du til Framtidsfylket.
BKK Nett er ein del av energi- og teknologikonsernet Eviny. Med utgangspunkt i kompetansemiljøet i Sunnfjord og Ytre Sogn vil selskapet styrke sitt kompetansemiljø. Vi søker difor trainee innan forvalting og prosjektleiing.
Vi treng deg med elkraftutdanning som ynskjer å drive utviklinga vidare for grøn energi, berekraft og elektrifisering. Elektrifiseringa krev store investeringar i nytt nett samtidig som eksisterande nett er modent for utskifting. Ei god forvalting av nettet er kritisk for å sikre ei framleis låg nettleige og stabil drift.
Vi er eit av dei største nettselskapa i Noreg og leverer straum, driftar og utviklar straumnettet til kundar på Vestlandet. Stillinga vil inngå i seksjonen Forvalting og Plan med ansvar for områda i Sunnfjord og Ytre Sogn. Selskapet er i starten av ei spennande reise der vi skal løfte oss ved å ta i bruk data på nye måtar. Som trainee vil du få vere med på fleire ulike oppgåver og delta i tverrfaglege team. Skal vi lykkast med å bygge framtidas straumnett trenger vi flinke folk som kan sjå alternative løysingar og bidra til utvikling.
Du vil være med på å vidareutvikle kompetansen vår innan elektrofag og digitalisering. Du vil jobbe tett i lag med eit tverrfagleg team som arbeider med analyse, drift- og vedlikehald, prosjektering og planlegging av straumnettet samt utvikling av system og digitale verktøy. Du vil få varierte oppgåver og opplæring innan ulike fagområde, og vil også få dedikerte oppgåver du skal kunne løyse. Du vil jobbe tett opp mot svært kompetente fagmiljø både internt i selskapet og eksternt mot en bransje og ein marknad i sterk utvikling.
Du vil få kontorplass i BKK Nett sine lokale i Energihuset i Førde.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.
Spørsmål? Ring seksjonsleiar Andreas Nyhagen Hole, tlf. 90740081 for ein hyggeleg prat. Vi gledar oss til å høyre frå deg!