Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee innan IKT | Fjord1 AS | Kinn | Trainee |
Du søker direkte til Fjord1 AS på denne traineestillinga.
Søk traineestillingBli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden.
Fjord1 er det leiande ferjeselskapet i Norge, med ferjetransport som kjerneverksemd. Selskapet driv og aktivitet innan passasjerbåttransport, catering og fjordbasert reiseliv. Vårt hovedkontor ligg i Florø, og her har om lag 100 personar sin daglege arbeidsplass. Vi har også regionkontor i Bergen og Molde, og totalt er vi om lag 1200 fantastiske kollegaer fordelt på sjø og land.
Fjord1 har dei siste åra bygd opp mot tretti nye el-ferger. I tillegg har vi bygd om, modernisert og tilpassa eksisterande fartøy til moderne klimakrav med lågutslepp. Fjord1 har gjennom dette arbeidet sikra seg ein leiande posisjon i det grøne skiftet og elektrifiseringa av norske fjordar. I dei fleste anbodskonkurransar som blir lyst ut i dag er miljøkrava forsterka, og det er i stor grad til krav til null- og lågutsleppsteknologi.
Vi søkjer no etter trainee til vår IKT-avdeling ved hovudkontoret i Florø.
Vår IKT-avdeling er ein sentral bidragsytar i Fjord1 sin teknologiske utvikling. Vi skal skape ein arena for utvikling og innovasjon. der systemforvaltning og IT-prosjekt koordinerast på ein hensiktsmessig måte, med fokus på IT-sikkerheit, digitalisering, forretningsutvikling, tverrfagleg samhandling og kompetanse.
Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:
Fjord1 som kompetansearbeidsplass veks kvar dag - kanskje er du den neste på laget vårt?
Som Framtidsfylket Trainee får du:
Du vil jobbe som trainee hos oss frå august 2021 – august 2022.