Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: IT | Fjord1 AS | Kinn | Trainee |
Du søker traineestilling hos Fjord1 AS, men søknaden sender du til Framtidsfylket.
Sitat frå Egil Kirkebø, systemansvarleg på IT-avdelinga:
"Noko av det som er mest spennande, er at Fjord1 er midt oppe i ein periode med vanvittig stor utvikling, og at vi som ein del av IT-avdelinga får vere med og påverke val av teknologi og utforming av framtidas løysingar for Fjord1! Dette i kombinasjon med trivsel i arbeidsmiljøet, motiverer meg og gjer at eg brenn for å gjere ein god jobb kvar dag."
Vår IT-avdeling er ein sentral bidragsytar i Fjord1 si teknologiske utvikling og består av 11 dyktige tilsette. IT skal skape ein arena for utvikling og innovasjon, der systemforvaltning og IT-prosjekt koordinerast på ein hensiktsmessig måte, med fokus på IT-sikkerheit, digitalisering, forretningsutvikling, tverrfagleg samhandling og kompetanse.
Ikkje nok med at gjengen på IT-avdelinga er fagleg svært dyktige, men det er ein sosial og aktiv gjeng som alltid byr på mykje humor og god stemning. Kombinasjonen av konkurranseinstinkt og humor er uslåeleg. På fritida er fleire av denne glade gjengen klare for toppturar og klatring, og det er alltid mogleg å hive seg med på tur og ta del i flotte naturopplevingar året rundt!
Som trainee i Fjord1 vil du få oppleve eit år med spennande oppgåver der du må utfordre deg sjølv med støtte frå fagleg dyktige kollegaer. Vi ynskjer å vere opne for kva kompetanse som finst i marknaden, og vil tilpasse traineestillinga til den kandidaten vi vel ut. Vi ser likevel at vi har eit spesielt kompetansebehov innan IT-arkitektur, IT-sikkerheit og prosjektleiing. Vi ser etter deg som ser nye løysingar, kan utfordre vår tankegang, er nysgjerrig og lærevillig, med eit sterkt ønske om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar.
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 er det leiande ferjeselskapet i Norge, med ferjetransport som kjerneverksemd. Vårt hovedkontor ligg i Florø, og her har om lag 100 personar sin daglege arbeidsplass. Vi har også regionkontor i Bergen og Molde, og totalt er vi om lag 1200 fantastiske kollegaer fordelt på sjø og land.
Fjord1 har dei siste åra bygd og satt i drift 34 høgteknologiske el-ferger. Vi har og bygd om, modernisert og tilpassa eksisterande fartøy til moderne klimakrav med lågutslepp. Fjord1 har gjennom dette arbeidet blitt verdsleiande innan fergebransjen og står i bresjen for elektrifiseringa av dei norske fjordane.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023