Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Klimaomstilling | Vestland fylkeskommune | Sogndal | Trainee |
Du søker direkte til Vestland fylkeskommune på denne traineestillinga.
Søk traineestillingSeksjon Plan, klima og folkehelse, avdeling strategisk utvikling og digitalisering
Vi skal bidra i arbeidet med å utvikle eit nyskapande og berekraftig Vestland, ved å setje retning, samhandle og engasjere. Viktige arbeidsområde for oss er å vere ein pådrivar for endring, bidra til å samordne aktiviteten internt i fylkeskommunen, og å vere gode støttespelarar for kommunane og eksterne aktørar. Vestland legg klima og miljø som premiss for samfunnsutviklinga, og oppfølginga av den regionale klimaplanen er sentral i dette arbeidet.
Det er ein fordel med:
Du vil få varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, og fagleg utvikling i eit kompetent og tverrfagleg fagmiljø. Vi er opptekne av vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.