Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Utvikling av lokalsamfunn | Vestland fylkeskommune | Sogndal | Trainee |
Du søker direkte til Vestland fylkeskommune på denne traineestillinga.
Søk traineestillingAvdeling for innovasjon og næringsutvikling skal bidra i arbeidet med å skape innovative og inkluderande samfunn i Vestland. Målet vårt er verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar i heile fylket. For å nå det må vi ha gjensidig utvikling av lokalsamfunn, næringsliv og arbeidsplassar. Gode lokalsamfunn må danne ramma for berekraftig verdiskaping.
Som trainee hos oss vil du i hovudsak arbeide med utvikling av lokalsamfunna våre. Som ein del av dette vil du ha oppgåver knytt til næringsutvikling, m.a. innan reiseliv og landbruk. Det kan i tillegg vere aktuelt med oppgåver innan naturressursforvaltning.
Arbeidet skjer i samarbeid med gode kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar. Det blir noko reising i samband med traineeåret ditt.
Relevant utdanning på minimum bachelornivå.
Generelle krav til Framtidsfylket Trainee:
Som trainee vil du få eit interessant og lærerikt år med allsidige arbeidsoppgåver. Du vert kjent med både fylkeskommunen og samarbeidspartnarane våre gjennom praktisk arbeid.
Vi kan tilby eit godt og utviklande arbeidsmiljø der du arbeider saman med dyktige kollegaer. Ein mentor vil støtte deg i arbeide ditt. Vi kan hjelpe deg med å finne bustad.
Gjennom samlingane i regi av Framtidsfylket sitt trainee-program, vil du utvikle deg saman med traineear frå andre organisasjonar.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.