Vestlandsforsking Hovedbilde

Vestlandsforsking søker trainee innan stordata

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vestlandsforsking Sogndal Trainee
Vestlandsforsking Logo

Vestlandsforsking

pb 163
6865 Sogndal
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Rajendra Akerkar
91 68 56 07

Søknadsfrist

1. april 2022

Du søker traineestilling hos Vestlandsforsking, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Kunne du tenke deg å forske på stordata og korleis ein kan bruke det for å skape innovative produkt og tenester i næringslivet i Vestland? Då er denne traineestillinga i Sogndal noko for deg.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer etter ein dyktig og motivert trainee med utdanning på minimum bachelor- eller masternivå innan fag som statistikk, informatikk eller matematikk, som er oppteken av stordata og innovasjon.

I traineestillinga vil du arbeide med fleire pågåande prosjekt innan forsking, utvikling og utgreiing som tek for seg spørsmål knytte til stordata. Kva faktorar som vil føre til verdiskaping frå stordata-teknologi i små og mellomstore bedrifter, er lite kjent. Vi har behov for å auke kunnskapen om korleis stordata kan brukast til å utvikle nye og innovative løysingar for bedriftene.

Som trainee ved Vestlandsforsking vil du vere ein del av ein fagleg fellesskap som går på tvers av fagdisiplinar og forskingsinstitusjonar i arbeidet med å få fram ny kunnskap og finne ut korleis samfunnet kan dra nytte av kunnskapen. Du vil vere med på både fagleg og administrativ gjennomføring av forskingsprosjekt, publisering og formidling av resultat. Du får dessutan vere med på å utvikle nye idear til prosjekt og skrive prosjektsøknader.

Kvalifikasjonskrav

Du har utdannning på minimum bachelor- eller masternivå innan fag som statistikk, informatikk eller matematikk.

Om deg

Du er opptatt av stordata og innovasjon.

Vi tilbyr

Eit ungt, spennande og utviklande arbeidsmiljø der du i stor grad påverkar din eigen arbeidskvardag. Dei meir erfarne tilsette er flinke til å dele kunnskap og nettverk. Fleksibiliteten er stor når det gjeld korleis du utfører oppgåvene dine. Lokala våre ligg vegg i vegg med Campus Sogndal, nær andre verksemder, sosiale møteplassar og idrettstilbod.

Det faglege fellesskapet vårt går på tvers av fagdisiplinar og forskingsinstitusjonar. Forskarane deler eit ønske om å bygge ny kunnskap som samfunnet kan dra nytte av for å løyse store samfunnsutfordringar.

Du vil vere med på både fagleg og administrativ gjennomføring av forskingsprosjekt, publisering og populærvitskapleg formidling av resultat. Du får dessutan vere med på å utvikle nye idear til prosjekt og bidra til prosjektsøknader.

Nærleik til fjord og fjell kan by på unike naturopplevingar, og med litt planlegging, kan du nyte finvêrsdagar på fjellet eller i kajakk på fjorden.

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre trainear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i et mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utenlandstur

Her får du 10 gode grunnar til å jobbe i Vestlandsforsking

You are welcome to submit an open application for Full-time Researcher positions in Big Data, Knowledge Graphs, and Machine Learning

Vestlandsforsking Kulturbilde