Rekrutteringsstrategi og employer branding Bilde

Vi gir deg verktøy til å få tak i nye tilsette og ta vare på dei de har.

Dato Tid Stad Pris
03-05-2023 08:00 FLORØ Kr 2500,- inkl.mva for medlemer/ kr 3125,- inkl.mva ikkje medlemer
Påmleding

Om kurs

Framtidsfylket, Hub for ocean og Aksello inviterer til firetimarskurs i rekrutteringsstrategi i samarbeid med PwC. På kurset vil du få konkrete råd og tips om korleis bedrifta di kan gjere seg så attraktiv som mogleg på jobbmarknaden. Målet er at kandidatane skal stå i kø for å jobbe hos akkurat deg.

Dato 3.mai 2023

Stad: Fugleskjærgata 16- 2. etg

Tidspunkt Kurset varer frå klokka 10:00 - 14:30

Prisar: Det er ein prisfordel for medlemer i Framtidsfylket, Hub for ocean og Aksello

Tema: Rekrutteringsstrategi

I løpet av kurset skal vi sjå på bedriftene sin eigen rekrutteringsstrategi og finne svar på:

  • Kva kompetanse er det behov for?
  • Har vi fokus på kort eller langsiktig rekruttering?
  • Kor tid og korleis skal ein annonsere?
  • Korleis tek vi i mot, tek vare på og takkar av dei tilsette?
  • Kva har rekrutteringsstrategien å seie for bedrifta sitt omdømme på arbeidsmarknaden?

Tema: Rekrutteringskommunikasjon

Kurset vil også gi deg svar på kvifor målretta kommunikasjon mot jobbkandidatar er like viktig som kommunikasjon mot kundane:

  • Kva er rekrutteringskommunikasjon og kvifor er det så viktig?
  • Kva mål har vi med ulike kommunikasjonstiltak?
  • Kva tiltak har bedrifta i dag?
  • Kva målgrupper rettar vi oss mot?
  • I kva kanalar bør vi vere for å nå dei rette jobbkandidatane?

Desse har vi med oss

Gunn Merete Paulsen og Silje Guddal frå PwC leiar kursa. I kombinasjon med innspel og erfaring frå deltakarar, næringsliv og Framtidsfylket, vil vi styrke kompetansen din på rekruttering.

Om PWC

PwC er ein av Norges mest attraktive arbeidsgjevarar. Selskapet leverer tenester innan eit breitt spekter, og rekrutterer årleg mange nye medarbeidarar innan fagområde som jus, rekneskap, revisjon og rådgjeving. I Sogn og Fjordane er PwC lokalt forankra i heile fylket med sju ulike kontor.

Gunn Merete er advokat og partnar i PwC. Ho har mange års erfaring frå rekruttering gjennom ulike leiarroller, og har eit stort engasjement for samanhengen mellom omdømme og rekruttering.

Silje Guddal er rådgjevar i PwC og jobbar strategi og utvikling av små og mellomstore bedrifter, samt offentleg sektor. Silje har ansvar for marknadskommunikasjonen til PwC i Nordvest. Ho har bakgrunn som reporter og programleiar i NRK.

Spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt med Linda Hovland i Framtidsfylket:

99 01 78 52 / linda@framtidsfylket.no

Påmleding