Årdal kommune Hovedbilde

100% fast stilling ved økonomiavdelinga

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Årdal kommune Årdal Fulltid
Årdal kommune Logo

Årdal kommune

Statsråd Evensens veg 4, 6885 Årdalstangen, Norge
6885 Årdalstangen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Norunn Haugen
47674567

Søknadsfrist

5. august 2024 Søk på stillinga her

Økonomiavdelinga har ansvar for rekneskap, innfordring, lønn, innkjøp, eigedomsskatt og budsjettarbeidet i kommunen.

Har du relevant høgare utdanning innan økonomi og rekneskap og/eller erfaring innanfor rekneskap, lønn og rapportering så vil vi gjerne sjå deg som søkjar på stillinga.

På økonomiavdelinga er vi til saman 5 tilsette som jobbar med ulike oppgåver innanfor avdelinga sine ansvarsområde.

Arbeidsoppgåver:

  • Daglege rekneskapsoppgåver
  • Særskilt ansvar for til dømes vederlagstrekk og anna innfordring
  • Rettleiing og opplæring av andre tilsette
  • Internkontrolloppgåver
  • Oppgåver i samband med årsoppgjer og rapportering
  • Bidra i innføring av nye IT-verktøy

Kvalifikasjonar:

  • Minimum 3årig høgskuleutdanning innan økonomi og rekneskap
  • Kjennskap til relevante lover og forskrifter
  • Gjerne erfaring med innføring av digitale verktøy og gode excel-kunnskapar
  • Særleg relevant erfaring kan likestillast med formell utdanning

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og ryddig
  • Sjølvstendig og effektiv
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjon
  • Fleksibel, i forhold til å bidra der det trengst, for at vi skal levere gode tenester
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Hjå Årdal kommune får du:

  • Løn etter utdanning og erfaring jamfør hovudtariffavtalen
  • Fleksitidsordning
  • Eit arbeidsmiljø med trivelege og kompetente kollega
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilgang på bedriftshytta på Skeikampen

Me gjer merksam på at søkjarliste er offentleg informasjon. Du kan be om at namnet vert unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. § 25 i offentleglova. Om kommunen ikkje kan innvilge søknaden, vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktperson Norunn Haugen og Wenche Irene Sjåstad. Me er kanskje ikkje tilgjengelege heile tida på grunn av ferie. Så send gjerne SMS så kan me ringe deg tilbake når det passar.