Attraktiv sommarjobb-mulegheit for skipsingeniørstudent Bilde

Er du skipsingeniørstudent og ynskjer å bruke sommarferien til å jobbe i ei av Noregs leiande skipsdesign-bedrifter?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Attraktiv sommarjobb-mulegheit for skipsingeniørstudent The Norwegian Ship Design Company Sunnfjord Sommerjobb
The Norwegian Ship Design Company  Logo

The Norwegian Ship Design Company

Hafstadvegen 21, 6800 Førde, Norge
6800 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Heidi Ann Endestad
413 30 508

Søknadsfrist

31. mars 2025

Norwegian Ship Design har ledig stilling som sommarvikar innanfor skipsdesign og engineering.

Vi ser etter deg som er svolten på å sette teori ut i praksis. Du er framoverlent og blir trigga av utfordrande problemstillingar, og di interesse for framtidsretta design er eit pluss.

Du held på med di bachelor- eller masterutdanning innanfor marin/maskin og har gjerne interesse for struktur/styrkeberekning eller marin prosjekt. Du har god teknisk forståing og er løysingsorientert og effektiv.

Du vil jobbe med følgande arbeidsoppgåver:

  • Skipstekniske berekningar
  • Struktur- og styrkeberekning
  • 2D teikning
  • 3D modellering
  • Konstruksjon
  • Analyse
  • Dokumentasjon

Vi tilbyr:

Hos oss i Norwegian Ship Design får du mulegheit å sette det du har lært ut i praksis.

Du får jobbe med konkrete prosjekt innan nybygg og oppgraderingar/ombygging, og får innblikk i korleis kvardagen i skipsdesignbransjen kan vere. Du får jobbe saman med eit dynamisk team beståande av både unge og meir erfarne ingeniørar, noko som er ein kjempefin måte å tileigne seg erfaring og nyttig lærdom.

Vi tilbyr eige kontor, god lønn, og vi har alltid noko godt å tilby kvar fredag :-)

Faktisk er fleire av våre dyktige ingeniørar tilsette etter å hatt sommarjobb hos i studietida - kanskje blir det deg denne gangen?

The Norwegian Ship Design Company  Kulturbilde