Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Avdelingsdirektør for pengespel | Lotteri- og stiftelsestilsynet | Sunnfjord | Fulltid |
Vi jobbar for at færre skal oppleve speleproblem. No er vi på jakt etter deg som vil leie ein dyktig gjeng med eit viktig samfunnsoppdrag.
Lotteritilsynet fører tilsyn og kontroll med både den lovlege og ulovlege pengespelmarknaden. I Norge er det i hovudsak Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som har lov å tilby og marknadsføre pengespel.
Å avdekke og reagere mot ulovlege pengespel og ulovleg marknadsføring, er viktige oppgåver for å nå målet om eit trygt og ansvarleg pengespeltilbod i Norge. I tillegg jobbar vi mot kampfiksing og manipulering av idrettskonkurransar, og følger opp kvitvaskingslova på pengespelfeltet.
Her får du leie i overkant av 20 engasjerte tilsette, ein gjeng som i stor grad er består av juristar, økonomar og samfunnsvitarar. Avdelinga er breitt samansett, med alt frå dei svoltne, nyutdanna til svært rutinerte, nasjonale ekspertar.
Pengespelfeltet er heile tida i endring, og mykje av det du kjem til å jobbe med ligg i skjæringspunktet mellom fag og politikk. Gjennom stillinga har du utstrekt kontakt med både overordna styresmakter, aktørar i marknaden, media og internasjonale kollegaar.
Pengespel er av stor offentleg interesse i Norge. Du vil derfor representere tilsynet i ulike samanhengar, både nasjonalt og internasjonalt. Blant anna i debattar, ved å halde føredrag og i media.
Du rapporterer direkte til direktøren, og er del av leiargruppa i tilsynet. Vi ser etter ein leiar som jobbar strategisk og målretta, med blikket løfta framover, samtidig som du sikrar god dagleg drift av avdelinga.
For å søke må du kunne vise til resultat du har levert som leiar. For å ta avdelinga vidare søker vi deg som er samlande, som er flink til å motivere og inspirere dine tilsette. Med andre ord er du ein god relasjonsbyggar med gode kommunikasjonsevner og stor gjennomføringskraft.
Vi leitar etter deg som har
Kunnskap om og interesse for pengespelområdet kan bli vektlagt.
Du må rekne med å reise i samband med jobben.
Som leiar for pengespelavdelinga vår får du ein spennande, utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø med ein gjeng som set si ære i å vere fremst i landet innan sitt fagfelt. Avdelinga er levande opptatt av å sikre ansvarlege pengespel som vernar enkeltmenneske mot speleproblem.
I Lotteri- og stiftelsestilsynet veit vi at det er viktig med ein god balanse mellom jobb og fritid, for å prestere godt på jobb. Du får du fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor, gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk.
Vi held til i eit moderne kontorbygg midt i Førde sentrum, og har kantine med lunsjordning. Hos oss får du trene i arbeidstida. Vi har både gruppetimar for dei tilsette og eige trimrom på huset. Ved å jobbe hos oss blir du medlem i Statens Pensjonskasse, og vi er ei IA-bedrift.
Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål om stillinga eller om korleis det er å jobbe hos oss.
Løn og stillingstittel blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som avdelingsdirektør med stillingskode 1060. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.
Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.