Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Luster kommune | Luster | Fulltid |
Det er ledig 40 % fast stilling frå 01.08.22 og 60 % mellombels stilling i tida 01.08.22-31.07.23. Stillingane kan kombinerast.
Indre Hafslo barnehage har to avdelingar med til saman 36 barnehageplassar, og er ein del av Indre Hafslo oppvekstsenter. Ved oppvekstsenteret er det også skule for 1. -7. steg, samt SFO. Komande skuleår blir det 39 elevar ved skulen.
Fokusområde i barnehagen inneverande år er inkluderande leikemiljø og fysisk aktivitet. Barnehagen bruker nærmiljøet aktivt, mellom anna uteområdet i skogen like ved. Indre Hafslo oppvekstsenter deltek saman med dei andre barnehagane i kommunen i eit fellesprosjekt om psykisk helsefremjande barnehagar.
Stillinga inngår som ei av tre pedagogstillingar i barnehagen.