Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Brannforebyggjar (feiar) / Praksiskandidat | Stryn kommune | Stryn | Fulltid |
Vi har ledig 100% stilling som feiar/brannforebyggar i Stryn kommune. Dersom det ikkje melder seg fagutdanna feiar, vil Stryn kommune vurdere å tilsetje ein vaksen person som forpliktar seg til å ta fagbrev som feiar (praksiskandidat).
Stryn kommune inngår i det brannforebyggande samarbeidet med Stad og Gloppen kommunar, og feie-/brann-forebyggarstillingane er ein del av samarbeidet. Som følge av dette kan vi tilby eit sterkt fagleg miljø innan forebyggande brannarbeid med tre branninspektørar og fem feiarar/ brannforebyggarar. Stillinga blir knytt til avd. for Brann, feiing og redning.
Stillinga inngår i feiarteamet som har ansvar for både brannsyn av pipe og eldstad og feiing av piper i heile Stryn kommunen. Ved behov må ein utføre arbeid på tvers av samarbeidskommunane.
Dersom alternativet er å ta fagbrev, vil søkjaren bli praksiskandidat / vaksenlærling og må vere motivert for dette. Praksistida vil bli fastsett ut frå utdanning og relevant praksis. Teoretisk utdanning blir gjeven på Brannskulen, medan praktisk opplæring skjer gjennom stillinga. Praksistida vil bli vurdert ut frå tidlegare utdanning og praksis. I denne perioden vil løn bli etter avtale.
Den tilsette må regne med å reise til Norges brannskule for å gjennomføre teoriopplæringa. Kommunen kostar denne opplæringa, og den tilsette beheld lønna si. Kommunen stiller krav om bindingstid til feiarvesenet etter endt utdanning i to år.