Driftsmedarbeider Bilde

Bli med oss i Myrkdalen - fast stilling i teknisk driftsavdeling

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Driftsmedarbeider Norway's best AS Voss herad Fulltid

Er du glad i fjelluft, praktisk arbeid og samhandling? Me er på søk etter ein person som har erfaring frå liknande arbeid (innafor t.d. vedlikehald, vaktmeistertenester, byggfag eller liknande) og som ønsker å utviklast innanfor rolla.

Norway's best AS er på søk etter ein hendig person til en 100% fast stilling i teknisk driftsavdeling, med arbeidsstad Myrkdalen

Du vill være delaktig i dagleg oppfølging av drift og vedlikehaldsbehov for bygningsmassen og uteområda til Norway’s Best AS på reisemål Myrkdalen. I denne rolla vil du også ha en noko utvida ansvarsrolle i den daglege drifta på reisemålet, gjennom tett samarbeid med teknisk leiar.

Myrkdalen Fjellandsby er i dag den mest omfattande skidestinasjonen på vestlandet og har eit stort etablert hyttefelt med nøkkelferdige hytter, leilegheiter og tomter til sals. Myrkdalen er plassen for dei som søkjer etter aktivitetar for heile familien, og heile året. Vinterstid er det skiglede som er i fokus og sommarstid byr Myrkdalen på varierte aktivitetar i kontrastfylte fjell- og fjordlandskap.

Arbeidsoppgåver

  • Delaktig i å lede og organisere dagleg drift vedlikehald av inne- og uteområde i samråd med teknisk leiar.
  • Dokumentasjon og styring ved hjelp av nettbaserte løysningar
  • Stadsansvarleg for tekniske installasjonar
  • Stedlig brannvern oppfølging, Myrkdalen Hotel og eigedom (nødvendig kurs og opplæring blir gitt)
  • Gjennomføre tiltak for å utbetre avvik ifb med tilsyn og / eller service avtaler i samråd med teknisk leiar
  • Følgje, de til ein kvar tid faste daglege, veke og månadlege faste rutinar. Bidra til å etablere og følgje opp årshjul for avdelinga
  • Følgje opp leverandørar, bestillingar og stadleg kontakt for destinasjonen
  • Være delaktig i dagleg drift i teknisk avdeling Myrkdalen

Me ser etter deg som:

  • Har førarkort minimum kl. B(E)
  • Er vant med PC som arbeidsverktøy
  • Du har gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg i engelsk
  • Gode kommunikasjonsevner i norsk er ein fordel

Kva me kan tilby

Ei spanande fast stilling i et ambisiøst selskap med eit stort mangfald i både aktivitet og menneske.

Du vert ein del av eit stolt kollegium i eit av Norges leiande reiselivsbedrifter, der me legg til rette for både personleg og fagleg utvikling.

Våre reisemål er omgitt av spektakulær natur, med store moglegheiter for fritidsaktivitetar.

Nokre av våre gode:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Pensjons- og forsikringsordningar gjennom Nordea Liv og Gjensidige
  • Kurs og fagleg oppdatering
  • Skikort i Myrkdalen
  • Rabatt og tilbod på Norway’s best produkt og aktivitetar


Gjennom å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar har Norway’s best AS posisjonert Flåm og Myrkdalen i over 20 år. Med fyrtårn som Flåmsbana og Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei største turistreisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen finns den mest omfattande skidestinasjonen på Vestlandet. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Hardanger, Lofoten og Oslo. Norway’s best AS er eigd av Norway's best Group AS som har ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Norway's best Group AS eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 100% av The Fjords og 50% av Flåmsbana. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk og Flåmsbanamuseet. I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.

Norway's best AS Kulturbilde