Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Energioperatør Gloppen | Sogn og Fjordane Energi | Bremanger | Fulltid |
Noreg – og verda – er avhengige av meir fornybar energi om vi skal nå klimamåla. I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum av naturkreftene våre – og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen. I SFE skaper vi den fornybare framtida, det er samfunnsoppdraget vårt.
Vi søkjer no etter ein energioperatør til vårt team i Gloppen, som hovudsakleg vil jobbe med kraftverka i denne kommunen, men som og vil få noko reiseaktivitet til andre SFE-lokasjonar.
Ein variert arbeidskvardag med kompetanse i fokus
Som energioperatør hos oss vil du jobbe med ulike arbeidsoppgåver innan kontroll, drift og vedlikehald av våre kraftstasjons- og vassdragsanlegg. Feilsøking og reparasjon av anlegg og utstyr vil og vere ein del av kvardagen. Du vil i tillegg delta i prosjekt, stansar og revisjonar, og rehabiliteringsprosjekt av ulik storleik.
Vi legg vekt på intern kompetansebygging, og ønskjer å legge til rette for at du kan få vidareutvikle deg innan relevante fag- og spesialområde.
Vi ser spesielt etter deg med erfaring frå høgspentanlegg, og gjerne fagbrev som energioperatør eller energimontør. Vi ønskjer også søknad frå deg som har fagbrev som elektrikar, mekanikar eller automatikar, og interesse for å ta energioperatørfagbrevet.
Det er viktig for oss at du evnar å jobbe tverrfagleg, og vi likar at du er sjølvstendig og positivt oppteken av HMS og forbetringsarbeid. Vi har eit godt arbeidsmiljø hos oss, og ser for oss at du og har godt humør som bidreg positivt til miljø og samhald.
Difor skal du velje oss!
Hos oss i SFE får du ein variert arbeidskvardag, og vi håpar at du ser ei spennande moglegheit i å nytte din fagkompetanse hos oss.
Som ein del av vårt team vil du oppleve å jobbe i eit selskap som set stor pris på sine tilsette. Dette vart tydeleg stadfesta gjennom vår siste medarbeidarundersøking, der trivsel og fellesskap vart løfta fram som nokre av våre største styrker. Vi satsar målretta på utvikling av medarbeidarane våre og tilbyr attraktive ordningar. Verdiane våre – Stolt, Frisk, Ekte – gjennomsyrar alt vi gjer, og vi inviterer deg til å bli med oss på vegen vidare.
Vi meiner at mangfald er ein styrke, og oppmodar personar med ulike bakgrunnar til å søkje. Vi gler oss til å høyre frå deg!
Før tilsetting av den rette kandidaten hos oss, vil vi etter samtykke gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.
Kontaktpersonar for stillinga er: