Energioperatør/-montør Bilde

Vi skaper den fornybare framtida - vil du vere med?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Energioperatør/-montør Sogn og Fjordane Energi Gloppen, Bremanger, Stad, Sogndal, Askvoll , Fjaler, Sunnfjord, Kinn Fulltid
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jens Gule
913 50 286

Søknadsfrist

26. august 2024 Søk på stillinga her

Noreg – og verda – er avhengige av meir fornybar energi om vi skal nå klimamåla. I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum av naturkreftene våre – og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen. I SFE skaper vi den fornybare framtida, det er samfunnsoppdraget vårt – og vi gjer det saman.

Vi er kontinuerleg på jakt etter nye medarbeidarar som kan bidra med relevant kompetanse inn mot drift og vedlikehald av store og små kraftverk.

Med denne annonsen legg vi difor til rette for at kandidatar innan energioperatør og/eller -montørfaget kan sende inn ein open søknad til oss. Det same gjeld fagarbeidarar innan elektro, automasjon eller mekaniske fag.

Kandidatar vert vurdert fortløpande.

Aktuelle arbeidsoppgåver, alt etter fagområde:

  • Kontroll, drift og vedlikehald av våre kraftstasjons- og vassdragsanlegg
  • Feilsøking, reparasjon av anlegg og utstyr
  • Delta i prosjekt, stansar og revisjonar på alle våre anlegg
  • Vidareutvikle deg innan relevante fag- og spesialområde
  • Må kunne jobbe tverrfagleg og delta i arbeid på alle våre anlegg

Du har:

  • Fagbrev innan aktuelt fagområde (elektro lågspent/høgspent, automasjon, mekanisk)
  • Førarkort klasse B eller BE

Du er:

  • Sjølvstendig, men arbeider også godt saman med andre
  • Positivt oppteken av HMS, og tør å seie ifrå
  • Sosial og har godt humør, og er ein positiv bidragsytar for miljø og samhald
  • Ein som likar å stå på og har ei positiv haldning til effektivitet, utvikling og forbetring
  • Innstilt på ein del reising knytt til arbeid på våre anlegg

Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, utviklingsmoglegheiter, konkurransedyktige vilkår, og gode pensjons- og forsikringsordningar. Firmabilordning kan vere aktuelt.

Arbeidsstad:Fleksibelt, men knytt til område der vi har vår verksemd.

Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde