Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Gloppen kommune | Gloppen | Fulltid |
Gloppen kommune har ledig 100 % fast stilling som ergoterapeut frå 01.09.2025.
VI ser etter ein offentleg godkjent ergoterapeut med norsk autorisasjon. Det er ynskjeleg med brei erfaring frå kommunehelsetenesta /spesialisthelsetenesta.
Fysio- og ergoterapitenesta er lokalisert på to stader og samorganisert med helsestasjons- og skulehelsetenesta, barnevernstenesta, PPT og psykisk helseteneste i Familiehuset.
Avdelinga har 0,6 årsverk i Frisklivsentralen, 1,6 årsverk for ergoterapeut, 5 årsverk for fysioterapeut inkludert leiar, 2,5 driftstilskot for private fysioterapeutar og turnuskandidat.
Fysio-og ergoterapitenesta deltek i Gloppen kommune si satsing på førebyggande arbeid og rehabilitering for at innbyggarane skal meistre eige liv og kunne bu i eigen heim, så lenge som mogeleg. Viktig fokus her er eit tett samarbeid med øvrige kommunale tenester i Helse og velferd og i Familiehuset, Frisklivsentral, førebyggande treningsgrupper, tilrettelegging av bustad og andre rehabiliteringstiltak.
Gloppen Kommune har eiga rehabilitering- og kortidsavdeling på Omsorgsenteret. Fysio- og ergoterapeut i til saman 0,8 årsverk har arbeisdsoppgåvene sine på rehabiliteringsavdelinga.
Gloppen kommune har også implementert kvardagsrehabilitering i heimetenestene og det er etablert kvardagsrehabiliteringsteam i dei ulike geografiske sonene.
Ein av ergoterapeutane i avdelinga nyttar 0,2 årsverk i Hukommelsesteamet i kommunen. To av fysioterapeutane har i delar av stillinga si arbeidsoppgåver retta inn mot barn og unge, der ein i lag med Familiehuset er godt i gang med å utvikle gode tenester.
For stillinga gjeld ei prøvetid på seks månader
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Sjå utlysinga og søk på stillinga her
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.