Fagarbeidar til småkraftsatsing Bilde

Vi skaper den fornybare framtida - vil du vere med?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fagarbeidar til småkraftsatsing Sogn og Fjordane Energi Gloppen, Fjaler, Sogndal, Sunnfjord, Stad, Bremanger, Askvoll , Fulltid
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Stian Kenneth Skår
976 52 380

Søknadsfrist

31. oktober 2024 Søk på stillinga her

I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum ut i frå naturkreftene våre – og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen – det er samfunnsoppgåva vår! I Noreg – og i heile verda – er vi avhengige av meir fornybar energi om vi skal nå klimamåla. Som energiselskap er vi eit viktig verktøy i dette arbeidet. I tillegg tek vi del i arbeidet med å finne berekraftige grøne løysingar der vi tek energien i bruk.

Vi etablerer no ei heilt ny eining som skal tilby eksterne tenester innan drift og vedlikehald, samt mindre rehabiliteringsprosjekt av småkraftverk i regionen vår. Til denne satsinga søkjer vi no etter fagarbeidar / energioperatør / energimontør.

Du som søkjer har solid teknisk kompetanse, og er vand med å etterleve ein svært høg standard når det kjem til tryggleik og HMS i praksis. Du har erfaring frå drift og vedlikehald av kraftverk eller liknande tekniske anlegg, samt relevant fagbrev og/eller fagskule eller høgare utdanning innan elektro- eller maskinteknikk. Du har og førarkort klasse B eller BE.

Vi set pris på at du likar å jobbe sjølvstendig, at du står på og har ei positiv haldning til effektivitet, utvikling og forbetring. Ditt gode humør og sosiale vesen gjer deg til ein god bidragsytar for miljø og samhald. Du synst og det er kjekt med ein god del reising i jobben.

Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, utviklingsmoglegheiter, konkurransedyktige vilkår, og gode pensjons- og forsikringsordningar. Oppmøtestad i stillinga vil vere i firmabil, og arbeidet vil gå føre seg på ulike plassar i vår region.

Vi er på jakt etter folk løpande, og gjer vurdering av kandidatar undervegs. Er du interessert, nøl difor ikkje med å sende din søknad.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med leiar for småkraft Stian Kenneth Skår, tlf. 976 52 380.

Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde