Gjenvinningsoperatør: farleg avfall Bilde

Er du vår nye gjenvinningsoperatør for farleg avfall?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Gjenvinningsoperatør: farleg avfall Sunnfjord Miljøverk Sunnfjord Fulltid
Sunnfjord Miljøverk Logo

Sunnfjord Miljøverk

Einestølen
6815 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Kjell Bu
90502589

Søknadsfrist

25. februar 2024 Søk på stillinga her

Ein gjenvinningsoperatør skal samle inn, transportere, sortere og behandle avfall på ein miljøvenleg måte. Det betyr at du må vite kva du skal gjere med forskjelleg type avfall, og korleis vi kan bruke avfallet som ressurs til nye råvarer.

Miljøfarlege stoff skal fjernast frå kretsløpet, medan verdifulle råvarer skal sorterast ut og bli tatt vare på. Du vil vere vår fremste operativ ekspert innan farleg avfall.

Riktig handtering av avfallet er svært viktig. Du vil få delta på kurs, konferansar og hospitere hos andre renovasjonsselskap for å halde kunnskap ved like, og for å lære meir om faget. Dette vil også bidra til at både du og vi er tryggare på jobben som vert gjort.

Som gjenvinningsoperatør bør du like å jobbe praktisk. Du må også ha ei interesse for å ta vare på miljøet. Renovasjonsbransjen er stadig i endring, så ei positiv haldning til endringar må ein ha i denne jobben.

Dei fleste arbeidsdagane vil du vere hovudanlegget på Einestølen, men jobben inneberer ein del reising. Ein må rekne med arbeid utanfor normal arbeidstid.

På Einestølen driftar Sunnfjord Miljøverk ein gjenvinningsstasjon, eit deponi og ein omlastings- og sorteringshall for avfall. I tillegg har vi fem gjenvinningsstasjonar rundt om i kommunane. Som operatør må du rekne med å måtte reise mellom stasjonane for å hente farleg avfall.

Du vil blant anna:

  • Arbeide som operatør innan fagleg avfall frå A til Å.
  • Deklarere, innhente, klassifisere, kontrollere, sortere, pakke og merke etter gjeldande rutinar for farleg avfall.
  • Losse, laste og flytte på material ved hjelp av hjullastar/motvektstruck.
  • Halde deg oppdatert i høve nødvendige kurs og sertifikat.
  • Vedlikehald og reingjering av maskiner etter gjeldande rutinar.
  • Vere ein aktiv medarbeidar når det gjeld innrapportering av avvik, tilbakemeldingar og forbetringsforslag i gjeldande system.
  • Bidra til effektivisering og utvikling i drifta.
  • Driftsoppgåver og gjenvinningsarbeid, samt arbeid på ytre gjenvinningsstasjonar.

Vi ser etter deg som

  • Har erfaring innan logistikk og produksjon
  • Har relevant arbeidserfaring innan farleg avfall
  • Har vilje til å ta fagbrev i gjenvinningsfaget
  • Har ADR-kompetanse §1.3
  • Har gode IT-kunnskapar
  • Har gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
  • Har erfaring med arbeid frå LEAN-metodikk, men det er ingen krav.

For å trivast i jobben er det viktig at du er

  • Nøyaktig - fordi riktig handering av farleg avfall er svært viktig.
  • Serviceinnstilt - fordi du skal rådgje både kundar og kollegaer.
  • Er sjølvstendig og tar initiativ - fordi du må ta eigne vurderingar fleire gongar dagleg.
  • Er fleksibel og har god omstillingsevne - fordi vi er i ein bransje som stadig er i endring.

    Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ein trygg jobb i ein trygg bransje, og ein arbeidsplass som er i vekst.
  • Gode pensjon- og forsikringsordningar.
  • Kompetanseheving: kurs, konferansar, deltakelse på arenaer for nettverksbygging, moglegheit til å hospitere hos andre renovasjonsselskap.

Her kan du lese om Lennart og Karoline som fekk draumejobben hos oss!

Sunnfjord Miljøverk Kulturbilde