Helsefagarbeidar i Heimetenesta avd. Selje / Stadlandet  Bilde

Helsefagarbeidar i Heimetenesta avd. Selje / Stadlandet

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Fulltid
Stad kommune Logo

Stad kommune

Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Anne-Lise Teige
41 00 22 06

Søknadsfrist

11. september 2023 Søk på stillinga her

Er du helsefagarbeidar og på utkikk etter nye utfordringar ? Sjå her!

Vi søkjer to helsefagarbeidarar som jobbar godt sjølvstendig, samt i team.

Stad kommune har ledig 2 stk. 100 % fast stilling som helsefagarbeidar med tenestestad Selje/Stadlandet. Stillingane inkluderar 20% frie timar og det vert nytta årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i forhold til planlegging av arbeidstid. Stillingane har i hovudsak tredelt turnus og arbeid tilsvarande kvar 3.helg. Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon. Det kan bli ledig fleire stillingar.

Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og yt tenestar til heimebuande i heile kommunen. Vi yt mellom anna praktisk bistand, helsehjelp i heimen og lindrande behandling. Som tilsett vil du arbeide tverrfagleg saman med andre tenester for å gje eit best mogleg fagleg tilbod.

Som tilsett i heimetenesta vil du få ansvarsfulle faglege oppgåver, du vil kunne utvikle deg og få påverke. Vi søkjer deg som er innovativ, jobbar for kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.

Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår og vi treng deg som har budd ute ei stund og som ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Vi ønskjer deg med på laget!

Arbeidsoppgåver

  • Utføre pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav

  • Oppfølging og dokumentasjon av tenesteytinga i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinje

  • Tverrfagleg samarbeid

  • Praktisk bistand

  • Samarbeid med pårørande

  • Rettleie lærlingar, medarbeidarar og andre

Det vil bli lagt til rette for god opplæring ved oppstart.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer primært etter offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar, men ufaglærte med relevant erfaring kan gjerne søkje

  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg

  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort kl B.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner

  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver

  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid

  • Tek initiativ og ansvar

  • Kan arbeide sjølvstendig og godt i team

  • Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø

  • Høve til fagleg utvikling

  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Flyttegodtgjersle

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.

Stad kommune har 6 månader prøvetid.