Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Fjaler kommune | Fjaler | Fulltid |
i ser etter deg som har interesse for å arbeide innan eldreomsorga, som er opptatt av fagutvikling og forbetringsarbeid, og som ynskjer å bidra til at våre bebuarar har eit godt liv her på sjukeheimen.
Våre tenester er i endring for å møte framtidas behov, og vi har spanande oppgåver til både nyutdanna og dei med lang erfaring. Vi har no ledig ei 100 % fast stilling som helsefagarbeidar ved Fjaler sjukeheim. Vi er interessert i å gje gode tenester til dei som treng det mest. Deler du denne interessa og vil bli ein del av kollegiet vårt?
Vi har årsturnus på 52 veker med tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg eller langvakter med arbeid kvar 4.helg. Langvakter starta vi med månadsskifte februar/mars 2024. Denne ordninga er frivillig.
Sjukeheimen starta i februar 2024 opp med eit spennande arbeid knytt til oppgåvedeling – TØRN prosjekt. Målet med dette prosjektet er at du som Helsefagarbeidar hos oss vil på sikt få meir ansvar, auka kompetanse og nye arbeidsoppgåver.
Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som lindrande behandling - kreft, velferdsteknologi og demens. Dette er for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.