HR-rådgjevar Bilde

HR-rådgjevar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Helse Førde Sunnfjord Fulltid
Helse Førde Logo

Helse Førde

Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Seksjonsleiar Inger Johanne Sætenes
(+47) 469 29 153

Søknadsfrist

26. januar 2025 Søk på stillinga her

HR-rådgjeving er ein av fem seksjonar i HR-avdelinga. HR-rådgjeving yter leiarstøtte og har systemansvar innan personal og HMS. Seksjonen består i dag av seksjonsleiar, tre HR-rådgjevarar, ein forhandlingssjef, to juristar/advokat og ein HMS-rådgjevar. Frå våren 2025, også ei prosjektstilling knytt til nærværsarbeid.

Vi har ledig 100% fast stilling som HR- rådgjevar med vekt på rekruttering.
Stillinga vil vere to-delt: 50% implementering og vidareutvikling av Helse Førde sin rekrutteringsstrategi og 50% anna HR-rådgjeving. Vi søkjer etter ein fagleg dyktig, engasjert og utviklingsorientert medarbeidar. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø og engasjerte kollegaer.

I Helse Førde arbeider vi kontinuerleg med å utvikle og forbetre oss slik at vi kan levere best mogelege tenester til innbyggarane våre. For å få dette til, treng vi kompetente og motiverte medarbeidarar. Dei medarbeidarane vi rekrutterer no, og dei medarbeidarane vi beheld, skapar framtida til Helse Førde. Les meir om Helse Førde HF.

Er du den som er god på å drive dette viktige arbeidet?

Førde er administrasjonssenter i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Sjekk ut kva Sunnfjord kommune har å tilbyr.

Oppstart stilling: snarast/etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Styrke implementering- og vidareutvikle Helse Førde sin rekrutteringsstrategi
  • Vere kontaktpunkt mot klinikkdirektør og leiargruppe
  • Opplæring av leiarar innan HR-faget med særleg vekt på rekruttering
  • Rådgje innan gjeldande lov- og avtaleverk
  • Bidra til effektivisering av HR-prosessar
  • Delta i prosjekt og tverrgåande arbeid i organisasjonen etter behov
  • Andre HR-relaterte oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning
  • Bør ha erfaring frå leiing, HR- og rekrutteringsarbeid
  • Kunnskap om lov- og avtaleverk
  • Gode IKT - kunnskapar
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Har fagleg god vurderingsevne
  • Er resultat- og løysingsorientert
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
  • Har gode samarbeidsevner
  • Er engasjert og motivert
  • Trivast i eit aktivt miljø

Vi tilbyr

  • Spanande arbeidsoppgåver i ein stor og profesjonell kompetanseorganisasjon
  • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Eit føretak som ligg i forkant når det gjeld bruk av elektroniske HR-system
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.