Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Høgskulen på Vestlandet | Sunnfjord | Fulltid |
Dette er Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering er plassert organisasjonsdirektøren si linje.
Eininga har i dag om lag 50 tilsette, med IT som det klart største tenesteområdet. I tillegg har vi ansvar for organisasjonsutvikling, leiarutvikling og dokumentforvaltning. Vi skal både hjelpe fageiningane direkte, og indirekte via utvikling av effektive administrative arbeidsformer. Sentralt i dette står arbeidet med å utvikle digitale løysingar knytt til alle våre oppgåver. Omstillingsarbeid er også i stor grad organisasjonskulturarbeid. Eininga har dette som særleg fagleg ansvar, og driv omfattande utvikling av leiarar og leiing.
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering har ledig ei fast 100 % stilling som IT/ AV - medarbeidar ved campus Førde
Undervisinga på universitet og høgskular er i kraftig endring. Nye undervisingsformer utviklar seg og dei tekniske løysingane må følgje etter. Studentar og førelesarar er ikkje lenger alltid i same rom, men kommuniserer meir med bruk av video og over nett. HVL er ein av dei fremste institusjonane innan høgare utdanning i landet når det gjeld fjernundervising.
Vi treng deg som vil vere med å forenkle, standardisere og generalisere brukarretta tenester på HVL slik at vi får endå meir effektiv drift men likevel kan tilpasse oss dei varierte behova. Stillinga vil vere eit viktig bindeledd mellom IT, brukarmiljøa, arealforvalting og drift. Oppgåver med utvikling, implementering og drift av AV- og IT-løysingar samt oppgåver knytt til generell drift av løysingar ved HVL kan verte tillagt stillinga.
Arbeidsstad er campus Førde.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Personlege eigenskapar:
Vi tilbyr:
Stillinga som IT/AV-medarbeidar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1085 avdelingsingeniør/1087 overingeniør/1091 teknikar etter kompetanse.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Fagansvarleg Vegard Anuglen, tlf 53 49 13 16, e-post vegard.anuglen@hvl.no
2) Nestleiar Idar Magne Flemmen, e-post: idar.flemmen@hvl.no
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider.