Digitaliseringsdirektoratet Hovedbilde

Digdir søker ein jurist til vår seksjon for Strategi og forretningsutvikling

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Jurist Digitaliseringsdirektoratet Sogndal Fulltid
Digitaliseringsdirektoratet Logo

Digitaliseringsdirektoratet

Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger, Noreg
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jon Håkon Odd
Jon Håkon Odd

Søknadsfrist

31. januar 2024 Søk på stillinga her

Digdir søker ein jurist til vår seksjon for Strategi og forretningsutvikling. Som jurist hos oss vil du jobbe praktisk i kryssinga mellom jus og teknologi. Du vil få arbeide med personvern, informasjonstryggleik, IKT-kontraktar og skytenester knytt til offentlege fellestenester med stor betydning for heile Noreg. Det er innslag av forvaltningsrett, konkurranse- og statsstøtterett, offentlege innkjøp og andre rettsområde innanfor Digdir sitt samfunnsoppdrag.

Stillinga er fast og kontorstad er ved Digdir si avdeling for fellesløysingar på Leikanger som har 115 tilsette.

Bruken av våre digitale fellesløysingar har hatt kraftig vekst dei siste åra. Løysingane blir nytta av nær alle offentlege verksemder og er avgjerande for at forvaltninga kan levere gode digitale tenester til innbyggarar, næringsliv og frivilleg sektor. Avdeling for fellesløysingar har et spesielt ansvar for utvikling, forvaltning og drift av nasjonale fellesløysingar som ID-porten, Kontakt- og reservasjonsregisteret og Digital post. Vi har også ansvar for drift av interne og eksterne IT-system, ulike IT-relaterte rådgjevingsoppgåver og brukarstøtte.

Vi søkjer deg som vil bli ein del av eit tverrfagleg miljø som kjenneteiknast av høg kompetanse, godt samarbeid og viktige oppgåver.

Les meir om korleis det er å jobbe som jurist hos oss på Samarbeidsportalen (https://samarbeid.digdir.no/esignering/bli-kjent-med-oss-jussens-verden/1972).

Dine oppgåver

  • Gje juridiske råd innanfor ansvarsområda til avdelinga
  • Juridisk kontakt for utvalde produktgrupper
  • Utgreiingsoppgåver og regelverksutvikling
  • Deltaking i ulike utviklings- og anskaffelsesprosjekt
  • Oppfølging og forvalting av avtalar med leverandørar
  • Personvern
  • Oppfølging av eksisterande og kommande EU-direktiv

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • master i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen

Du bør ha:

  • relevant erfaring
  • god innsikt i juridiske utfordringar knytt til digitalisering og IT-utvikling
  • erfaring frå eller god kjennskap til offentleg forvaltning
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Interesse for digitalisering og likar å jobbe i kryssinga mellom jus og teknologi
  • God på å setje deg inn i nye problemstillingar og vere løysingsorientert
  • Sjølvstendig og initiativrik, samtidig som du trivast med å jobbe saman med gode kollegaer i team på tvers av ulike fagmiljø
  • Har god formuleringsevne og kommuniserer klart

Vi tilbyr deg

  • interessante arbeidsoppgåver
  • eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
  • løn mellom kr 650.000 og 800.000 som rådgjevar eller seniorrådgjevar
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • opning for to timar trening i veka i arbeidstida

Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.

Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne

Seksjonssjef Jon Håkon Odd
E-post: jonhakon.odd@digdir.no
Telefon: 47706922

Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT.

Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.