Digitaliseringsdirektoratet Hovedbilde

Digdir styrker det juridiske fagmiljøetmed to stillingar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Jurist Digitaliseringsdirektoratet Sogndal Fulltid
Digitaliseringsdirektoratet Logo

Digitaliseringsdirektoratet

Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger, Noreg
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jon Håkon Odd
47706922

Søknadsfrist

22. oktober 2024 Søk på stillinga her

Er du ein sjølvstendig og framoverlent jurist med interesse for digitalisering? Vil du vere med å utvikle det juridiske miljøet i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) for å sikre ei effektiv, brukarretta og rettssikker digitalisering? I skjeringspunktet mellom jus og teknologi oppstår det mange spanande og interessante juridiske spørsmål. Her treng vi deg.

Digdir søkjer to juristar til vår seksjon for strategi og forretningsutvikling, som er ein del av avdeling for fellesløysingar. Som jurist hos oss vil du jobbe praktisk i kryssinga mellom jus og teknologi og du vil bidra med rettleiing og produktutvikling. Arbeidsoppgåvene er varierte og dynamiske og vil bli tilpassa til den enkelte tilsette.

Vi søkjer deg som vil bli ein del av eit tverrfagleg miljø kjenneteikna av høg kompetanse, godt samarbeid og viktige oppgåver. Som jurist vil du jobbe tett på våre IT-utviklingsmiljø og i tverrfagleg samarbeid med designarar, sikkerheitsrådgjevarar, utviklarar og andre teknologar og innovatørar. Dette skjer i tverrfaglege team som jobbar smidig innanfor eigne ansvarsområde.

Les meir om korleis det er å jobbe som jurist hjå oss på Samarbeidsportalen (https://samarbeid.digdir.no/esignering/bli-kjent-med-oss-jussens-verden/1972).

Stillingane er faste og har kontorstad på Leikanger, i Sogndal kommune. Sogndal og Sogn er eit eldorado for ulike friluftsinteresser som toppturar på ski, klatring, stiløping- og sykling i tillegg til mellom anna jakt, fiske, fjellturar og kajakkpadling. Sogn som region er ein perfekt stad å kombinere ein spennande og gjevande jobb med ei aktiv fritid.

Vi tilbyr deg

  • interessante arbeidsoppgåver og jobb i Noregs vakraste område!
  • eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
  • konkurransedyktig lønn som rådgjevar eller seniorrådgjevar etter avtale og kvalifikasjona
  • familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • opning for to timar trening i veka i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar

Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/lonn-goder-og-reise).

Digitale fellesløysinga

Bruken av våre digitale fellesløysingar har hatt kraftig vekst dei siste åra. Løysingane blir nytta av nær alle offentlege verksemder og er avgjerande for at forvaltningakan levere gode digitale tenester til innbyggjarar, næringsliv og frivilligsektor. Avdeling for fellesløysingar har eit spesielt ansvar for utvikling, forvaltning og drift av nasjonale fellesløysingar, som ID-porten, Kontakt- og reservasjonsregisteret og Digitalpost. Vi har også ansvar for drift av interne og eksterne IT-system, ulike IT-relaterte rådgjevingsoppgåver og brukarstøtte.

Juridiske spørsmål som dukkar opp i samband med utvikling av dei nasjonale fellesløysingane omfattar mellom anna personvern, informasjonstryggleik, spørsmål til og forvaltning avIKT-kontraktar og skytenester knytt til offentlege fellestenester. Det er innslag av forvaltningsrett, konkurranse- og statsstøtterett, EU/EØS-rett, offentlege innkjøp og andre rettsområde innanfor Digdir sitt samfunnsoppdrag.

Du må ha:

  • master i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • interesse for digitalisering og IT-utvikling

Du bør ha spesielt god kunnskap og erfaring frå minst eitt av følgjande område:

  • erfaring frå eller god kjennskap til offentleg forvaltning
  • innsikt i juridiske utfordringar knytt til digitalisering og IT-utvikling
  • relevant erfaring med IKT-rett, legal tech, personvern, forvaltningsrett, EU/EØS-rett eller konkurranse- og statsstøtterett, men også dei utan slik erfaring og nyutdanna blir oppfordra til å søkje

Personlege eigenskapar

Du er/har

  • sjølvstendig og initiativrik, samtidig som du trivast med å jobbe saman med gode kollegaer i team på tvers av ulike fagmiljø
  • interesse for digitalisering og likar å jobbe i kryssinga mellom jus og teknologi
  • god på å setje deg inn i nye problemstillingar og vere løysingsorientert
  • god formuleringsevne og kommuniserer klart

Vi legg stor vekt på om søkjar er personleg eigna for stillinga.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.

Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne

Seksjonssjef: Jon Håkon Odd
E-post: jonhakon.odd@digdir.no
Telefon: 47706922

Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå hkdir, tidligare NOKUT

Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.