Jurist eller lang erfaring med tilsyn? Førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar Bilde

Vil du jobbe med tilsyn på pengespelfeltet?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Jurist eller lang erfaring med tilsyn? Førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar Lotteri- og stiftelsestilsynet Sunnfjord Fulltid

Lyst å jobbe med landets fremste ekspertar på pengespelområde? Avdeling for pengespel søker etter ein engasjert medarbeidar i fast stilling til å føre tilsyn med at norske pengespeltilbydarar etterlever regelverket.

Kven er vi? Vi jobbar for at færre skal oppleve speleproblem og å sikre ansvarlege pengespel. I Noreg er det hovudsakleg Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som har løyve til å tilby og marknadsføre pengespel. Vårt mål er å sikre eit trygt og ansvarleg speletilbod. Vi arbeider med å avdekke og reagere mot ulovlege pengespel og ulovleg marknadsføring av pengespel. I tillegg fører vi tilsyn med etterleving av kvitvaskingsregelverket innan pengespel.

Hos oss får du eit meiningsfylt samfunnsoppdrag, varierte arbeidsoppgåver og dyktige kollegaer innanfor juss, økonomi og samfunnsvitskap.

Høyrast dette spennande ut? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Dette vil du jobbe med

Stillinga ligg til tilsynslaget i pengespelavdelinga og omfattar mellom anna:

  • Tilsyn med etterleving av kvitvaskingsregelverket
  • Tilsyn med etterleving av pengespellovgivinga
  • Forvaltningsoppgåver knytt til pengespelavdelinga
  • Utvikling av tilsynsmetodikk

Det vil og vere noko reiseverksemd.

Høyrest dette interessant ut? Ta kontakt med oss, så fortel vi gjerne meir om dei spennande arbeidsoppgåvene.

Dette ser vi etter

Vi ser etter deg med relevant utdanning og erfaring. Primært ser vi etter kandidatar med:

  • Mastergrad i rettsvitskap, gjerne med erfaring men nyutdanna kan og vere aktuelle. Arbeidsoppgåver blir tilpassa kompetansenivå
  • Lang erfaring (minst fem år) med tilsyn i (Norsk) offentleg forvaltning kan kompensere for manglande utdanningskrav
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Har god evne til å sjå samanhengar og konsekvensar innan fagfeltet
  • Evner å kommunisere komplekse problemstillingar på ein pedagogisk og presis måte
  • Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø, samstundes som du kan jobbe sjølvstendig

Kvifor skal du velje oss?

Her får du rammer som sikrar ein god balanse mellom jobb og fritid: du får fleksitid og betalt overtid, sommartid, og dessutan moglegheit for å trene litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer også med. Det betyr mellom anna at du får ei av Norges beste pensjonsordningar.

Vi veit at mange ønsker seg ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt legge til rette for. I Lotteri- og stiftelsestilsynet er vi ei god blanding av nytilsette og rutinerte, tilflyttarar og folk som kjem frå området. Det skaper god dynamikk, og ikkje minst bidrar det til at vi lærer mykje av kvarandre. Vi har kantineordning, gratis parkering i parkeringskjellar, treningsrom i bygget, og treningstimar for våre tilsette på treningssenter.

Verdt å merke seg

Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1408/1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Lotteri- og stiftelsestilsynet Kulturbilde