Vestland fylkeskommune har etablert eininga Karriere Vestland, eit offentleg tilbod om gratis og
profesjonell karriererettleiing i tråd med nasjonale retningsliner.
Karriere Vestland tilbyr karriererettleiing til vaksne over 19 år og karriererettleiing til nykomne flyktningar som kvalifiserer til introduksjonsprogram i kommunar i Vestland fylke. Karriere Vestland arbeider i tråd med Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing i Noreg.
Vi er eit kompetansesenter innan karriererettleiing og har samarbeid med mange ulike aktørar.
Karriere Vestland har kontorplass i 6 kommunar: Alver, Bergen, Sogndal, Stad, Stord og Sunnfjord.
Vi søker ein dyktig person for eit engasjement på 12 månader som karriererettleiar. Kontorstad vil vere Førde, men noko reise må påreknast.
Hovudoppgåver:
- Gje individuell karriererettleiing til vaksne over 19 år, ved fysisk oppmøte på lokasjon, på telefon og på video.
Andre oppgåver:
- Karriererettleiing av vaksne flyktningar ein-til-ein og i gruppe. Tenesta vert levert ved fysisk oppmøte i våre lokale, i tillegg til video- og telefonrettleiing til heile fylket.
- Gjennomføre gruppemøter for flyktningar med kollektiv beskytting (hovudsakleg ukrainske flyktningar).
- Kompetansestøtte til kommunane i den vidare oppfølginga av flyktningane og opplæring av tilsette i kommunane.
- Kompetansestøtte til rettleiarar og rådgjevarar i skule, NAV og andre aktørar innan karriererettleiingsfeltet.
- Etablering og deltaking i relevante nettverk og samarbeid med eksterne partar
Kvalifikasjonar:
- relevant universitets-/høgskuleutdanning på masternivå. Søkjarar med utdanning på bachelornivå med relevant erfaring kan vere aktuelle for stillinga, men vil i så fall bli tilsett som spesialkonsulent, og ikkje som rådgjevar.
- erfaring med karriererettleiing
- god digital kompetanse
- personlege eigenskaper vert vektlagd
Det er ein føremon med
- karriererettleiing i grunnutdanning eller i etter- og vidareutdanning
- rettleiingserfaring frå arbeid med minoritetsspråklege, flyktningar eller innvandrarar
- sertifisering innan eit eller fleire karriereverktøy som til dømes InFlow24 og Karriereverktøy
- førarkort klasse B
Vi ser etter deg som:
- har gode samarbeidsevner og evne til å skape tillit
- har gode kommunikasjonsevner og god formidlingsevne
- har stor arbeidskapasitet, er effektiv og strukturert
- er lærevillig, løysingsorientert og fleksibel
- har evne til å arbeide sjølvstendig
- er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet
- kan handtere uventa hendingar i eit dynamisk miljø
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar
- Faglege utfordringar og moglegheit for kompetanseheving
- Stimulerande og innovativt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid