Kommunikasjonsrådgivar – vikariat Bilde

Klar for å framsnakke Vestland på heiltid?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Kommunikasjonsrådgivar – vikariat Framtidsfylket AS Fulltid
Framtidsfylket AS Logo

Framtidsfylket AS

Hafstadvegen 25
6800 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Kristine Slettehaug
91772842

Søknadsfrist

6. november 2023

Kommunikasjonsrådgivaren vår, Solveig, har tatt Framtidsfylket sitt oppdrag i eigne hender, og vi ser difor etter ein vikar mens ho gjer verdas viktigaste jobb heime 🧡

Vikariatet går frå januar 2024 til desember 2024.

Framtidsfylket kommuniserer eit variert og framtidsretta arbeidsliv i Distrikts-Vestland med mål om å tiltrekke oss nye innbyggarar. Det gjer vi gjennom eige traineeprogram, karrieremesser, kampanjar, kommunikasjon og ulike prosjekt. Vi er fire tilsette med kontor i Førde og Odda.

Arbeidsoppgåvene dine vil vere knytt til kommunikasjon, men om du skriv som ein gud, blir vill i auga av konverteringar og klikkrate eller er mest opptatt av god design, er ikkje så viktig. Alt som kan bidra til fantastisk formidling er relevant for oss.

Kven skal du jobbe med?

Kristine er vår kommunikasjonsqueen, og heldig er du som får ho som næraste kollega i året som kjem. Ho er ein rå tekstforfattar, verneombod i Framtidsfylket og mental støttekontakt for oss andre. Når det buttar imot på kontoret, har ho alltid ein kommentar på lur som lettar stemninga, og om ting sklir ut er ho den som får oss tilbake på rett kurs. Kristine er litt helsefrik, nyfrelst isbadar, grepa gardsjente og livredd hoggorm.

Linda er dagleg leiar, JA-menneske, arbeidsjern, litt rotehovud og den som alltid ser framover. Om du er sjuk eller har punktert på veg til jobb, blir du møtt med hjarter og lukkeønskingar. Når ho ikkje jobbar finn du ho i eller på Dalsfjorden, saman med familien eller i godt lag med bobler i glaset – med mindre ho er i Himalaya på motorsykkeltur.

Kine er vår kvinne i Hardanger. Ho har stålkontroll på medlemmane våre, tenker på det som ingen andre tenker på, er rådgjevaren med stor R og passar på at vi får den daglege, sosiale kaffipraten. Innimellom slår ho til med nokre ville idear som får oss til å heve augebryna eller dra på smilebandet. Kine er ivrig lesehest, gamer, har båtlappen og lagar himmelsk god raudvinssuppe.

Sidan Solveig skal i mammapermisjon, vil du ikkje få gleda av å jobbe saman med ho, men det er verdt å nemne kven du skal erstatte. Solveig er ein dyktig historieforteljar, rå på LinkedIn, problemløysar nummer éin og har ein hjarteleg latter som smittar. På fritida finn du ho i Nordfjord-fjella, i støvlar på heimgarden eller med raske briller i eit skispor.

Dette skal du jobbe med

Du skal jobbe med det DU er god på innan kommunikasjon, men dette er typiske arbeidsoppgåver:

  • innhaldsproduksjon
  • sosiale medium
  • digital marknadsføring
  • kampanjar
  • prosjektleiing
  • planlegging av event

Av og til må vi be deg om å gjere ting du kanskje aldri har gjort før. Det kan vere å:

  • måle opp ein bedriftsstand
  • halde presentasjon på eit frukostmøte
  • bjuda på i ein reels på Instagram
  • trøyste ein trainee
  • ete lunsj med ein politikar

Jobbkvardagen er med andre ord svært variert i Framtidsfylket, men nettopp det er ein av grunnane til at du kan få tidenes år saman med oss.

Send oss nokre ord om deg sjølv, lenke til LinkedIn-profilen din / CV til post@framtidsfylket.no, så tar vi ein prat.

Framtidsfylket AS Kulturbilde