Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Konsulent - masterstudent | Lotteri- og stiftelsestilsynet | Deltid |
Her får du bruke jussen i praksis, i lag med nasjonale ekspertar – samtidig som du skriv masteroppgåva di.
Det er 6200 stiftelsar i Noreg. I arbeidet vårt med å ha tilsyn med og rettleie dei dukkar det opp mange spennande juridiske problemstillingar knytt til styrearbeid og drift av stiftelsar. Dette kan for eksempel vere endring av vedtekter, habilitet eller om pengane går til formålet.
Fristar det å skrive masteroppgåve om noko innanfor stiftelsesretten eller om stiftelsar? Hos oss kan du få både skriveplass og deltidsjobb.
Du får eigen kontorplass hos Stiftelsestilsynet, og blir ein del av arbeidsmiljøet hos oss. Vi har både nyutdanna og erfarne juristar, men også samfunnsvitarar og økonomar. I lag med eit breitt fagmiljø får du bruke jussen i praksis, både i saksbehandling og rettleiing. Vi ser for oss at du jobbar to dagar i veka hos oss.
Om du vil kan vi gjerne lese gjennom deler av oppgåva di, og komme med tilbakemeldingar. Sidan vi er interesserte i det du skriv om, er det veldig kjekt om du presenterer masteroppgåva for oss når du er ferdig.
Vi ønsker å knyte til oss studentar med særleg interesse for stiftelsar og/eller styrearbeid. Dersom du synest desse temaa er interessante, tar vi gjerne ein prat. Vi har også skissert nokre problemstillingar som kan vere aktuelle eller hjelpe deg på veg.
Når vi skal velje mellom søknadar legg vi vekt på val av problemstilling, motivasjon for valet og karakterar hittil i studiet. Du må kunne formulere deg godt skriftleg og munnleg.
Vi er i utgangspunktet på leit etter deg som skal skrive oppgåve til hausten, men du kan også ta kontakt dersom du skal skrive oppgåve våren 2025.
Vilde Grimseth Halbrend jobba hos oss medan ho skreiv masteroppgåve i fjor. Her kan du lese om hennar oppleving.
Frist for å søke om skriveplass for hausten 2024 er 15. august, men vi kjem til å vurdere søknadar fortløpande. Send inn presentasjon av problemstillinga for oppgåva, CV og karakterutskrift.
PS. I tillegg til at du får verdfull arbeidserfaring og kjekke kollegaer, kan vi freiste med at vi har lokale midt i Førde sentrum og at vi har både kantine og treningsrom på huset.
Vi håpar å høyre frå deg!
Lyst å lese meir om kva stiftelsar er og gjer i det norske samfunnet? Les deg opp på våre rapportar om norske stiftelsar.
Siw Heggedal Longvastøl, avdelingsdirektør Stiftelsestilsynet, 900 74 974
Storehagen 1B
6800 FØRDE