Om stillinga
Integreringstenesta har ansvar for å busette og etablere nykomne flyktningar og deira familiar i Høyanger kommune, samt koordinere innsatsen rundt flyktningar i introduksjonsprogrammet.
Arbeidsoppgåver knytt til integreringsarbeidet i kommunen må skje i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande lov- og regelverk.
Føremålet med arbeidet er å styrke nye innvandrarar sine mogelegheiter for deltaking i yrkes- og samfunnslivet, og til å bli økonomiske sjølvstendige.
Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til at nye flyktningar i Høyanger skal oppleve støtte, meistring og føle seg inkludert. Stillinga er ledig frå 01.01.23
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova
Arbeidsoppgåver
Hovudarbeidsoppgåver:
- Samordne kommunale tenester i samband med busetting av flyktningar
- Samarbeid med aktørar som NAV, helsetenester, utdanningsinstitusjonar m.m.
- Kartlegging av kompetanse inkl. søknader om norsk godkjenning av utdanning (NOKUT)
- Hjelp og støtte til navigering i offentlege tenester
- Målretta og fagleg arbeid med flyktningar frå busetting til gjennomført introduksjonsprogram, her under rettleie flyktningar i å sette mål for å komme i arbeid og utdanning
- Koordinere kommunen sitt introduksjonsprogram, utarbeide integreringsplan, sørgje for integreringskontrakt, herunder følgje opp den enkelte programdeltakar
- Sakshandsaming og skriftleg dokumentasjon jf. gjeldande lovverk
- Halde kurs i livsmeistring. Dei som har barn under 18 år, skal i tillegg også få delta på kurs i foreldrerettleiing
Kvalifikasjonskrav
- Stillinga krev relevant bachelor innan sosial, helse eller samfunnsfagleg utdanning frå høgskule eller universitet.
- Lang og relevant erfaring frå arbeid med flyktningar kan erstatte kravet om bachelor
- Rettleiings- og relasjonskompetanse
- Kjennskap til offentleglova, forvaltningslova og integreringslova
- Gode digitale ferdigheiter
- God kommunikasjonsevne i norsk, munnleg og skriftleg
- Ønskjeleg med erfaring fra rådgjevings-/sosialt arbeid, inkludert sakshandsaming
- Førerkort kl. B
Om deg
Personlege eigenskapar:
- arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
- fleksibel og god lagspelar
- strukturert, tydeleg og handlekraftig
- har god kommunikasjon og formidlingsevne
- evne til prioritering og hurtig omstilling når situasjonen krev det
- evne til å sette grenser
Vi tilbyr
- Ein kommune som er komen langt i utviklinga med flyktningarbeidet
- Eit arbeidsmiljø med høve til fagleg utvikling og stor variasjon av arbeidsoppgåver
- Eit triveleg arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer med god fagleg kompetanse
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn etter tariff